Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hagenes'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Hans Einerson var den yngste av to brør frå Haganes i Luster som utvandra til Amerika. Dei budde i same område i Nebraska. Broren Anders er handsama i eit anna tema, men ogso Hans og borni hans har ei «utfordrande» lagnad, særleg dei to sønene samt eldste barnet, som me ikkje veit noko om... Kanskje er det mogeleg å få hjelp til å finna svar på nokre av desse ufordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Einerson {Hagenæs}, f. {i Luster} 17.11.1847, Henry Enerson utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg i Colfax Co., Neb. 17.12.1872 med ##### (original German name?) frå Köln i Tyskland, i Amerika kjend som Gertrude Catherine Ritzdorf. Ho var dotter av ##### (parents? – truleg døypt i Heimersheim, Rheinland-Pfalz 17.6.1849 – dotter av Carl Joseph Ritzdorf og Anna Maria f. Witsch) og f. i Köln i Tyskland 17.6.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of her emigration?) Henry og Gertrude slo seg ned som farmarar i Cedar precinct, Boone Co., Neb., men flytte sidan inn til Cedar Rapids, Boone Co., Neb. der Henry d. 19.2.1916. Gertrude Enerson budde siste leveåri sine i Sherman, sidan kalla West Hollywood, Los Angeles Co., Cal. der ho d. 18.12.1927. Henry og Gertrude fekk seks born i lag: a. NN Emerson, f. og d. i Boone Co., Neb. i 1873 eller 1874. ##### (details?) b. Anna Marie, kjend som Marie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 12.11.1875, d. i San Francisco, Cal. 10.2.1949. Ho gifte seg i San Rafael, Cal. 5.2.1910 med William Henry Johnson, f. i Santa Clara Co., Cal. 18.12.1878. Han d. i Belmont, Cal. 13.9.1960. William Johnson var seljar («salesman»). Han og Marie budde først i Hollywood, Los Angeles Co., Cal., men flytte sidan til San Francisco, Cal. Dei var barnlause. c. Bessie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 2.2.1878, d. i Ventura, Cal. 13.7.1965. Ho gifte seg i Omaha, Neb. 2.5.1921 med Frederick Milton Collins, f. i Fayette Co., Ky. 19.8.1874. Han d. i Los Angeles, Cal. 17.11.1956. Frederick Collins var seljar («salesman»), og han og Bessie budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Dei var barnlause. d. Louise Enerson, f. i Boone Co., Neb. 20.3.1880, d. i West Hollywood, Cal. 28.1.1932. Louise var garderobedame ved eit filmselskap («wardrobe department worker at a movie picture studio») og budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Ho var ugift. e. Francis Joseph, kjend som Joseph Enerson, f. i Boone Co., Neb. 16.8.1882, d. i South Omaha, Neb. 23.5.1944. Han gifte seg i South Omaha, Neb. ##### (or married in Arlington, Washington Co., NE?) 2.6.1910 med Rozella M. ##### (middle name?) kjend som Zella Jungbluth, f. i Washington Co., Neb. 17.5.1886. Ho d. i Steubenville, Ohio 2.12.1962. Joseph Enerson var nestleiar for ein bank («bank vice president»), og han og Zella budde i South Omaha, Neb. Dei var barnlause, men adopterte to born. f. Charles Edward Enerson, f. i Boone Co., Neb. 24.7.1885, d. i ##### (place of his death? – where in Maryland? – buried Baltimore, MD) 26.12.1943. Han gifte seg i Boone Co., Neb. 11.11.­1912 med Anna Clara Meyer, f. i Platte Co., Neb. 18.1.1887. Ho d. i Santa Monica, Cal. 1.9.1972. Charles Enerson var eigedomsseljar («land salesman»), og han og Anna budde i Kimball, Kimball Co., Neb. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Mestedelen av kunnskapen min om denne emigranten frå Luster er alt medteken i innleiingi, men lat meg gå litt meir i detalj: Einar kjend som Edward Johannesson Hagenes var einaste sonen til Johannes Johannesson og Karen Einersdotter, gardbrukarar på Haganes i Luster. Han var fødd i Luster 11.4.1873, men utvandra til Amerika i 1891. Han var heime på vitjing i 1897, og då var han busett i Chicago, IL. Slekti hans i Noreg har fortalt meg at siste gongen dei høyrde frå han, var i 1903. Kvar kan denne guten ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Huslyden til Anders Einerson Hagenæs frå Luster er ein som eg arbeidde mykje med på 1980-talet, men eg greidde aldri å få skikkeleg «tak» på dotteri hans. No har eg finne fleire detaljar hjå ancestry.com, men framleis sit eg fast på ein del. Kanskje kan liktaler (obituaries) finnast for Anders og dotteri hans? Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera denne biografien!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.