Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'miller'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Huslyden til Nils Hess Christenson Bolstad jobba eg med for om lag 40 år sidan. Eg har sidan greidd å finna ein del opplysningar, men står no ganske so fast, sroleg nr det gjeld svigersonen Ole Miller og ogso når det gjeld opphavet til Bertha Jacobsdotter frå Sør-Fron. Det hadde gledd meg mykje om noko kunne sjå på desse utfordringane. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Nils Hess Christenson Bolstad, son av føregåande brukar, var f. 3.2.1819 og gifte seg 11.6.1844 med Øllegaard Johannesdotter frå Hauge, f. 25.8.1824. Nils Hess fekk skøyte hjå far sin alt 4.6.1844, og dei dreiv garden fram til dei i 1851 laut selja. Truleg var dei òg offer for dei dårlege konjunkturane på den tidi, men dei fekk kår og vart buande på garden fram til 1858. Nels og Ellen Bolstad utvandra til Amerika i 1858 og slo seg ned på ein farm i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Nels Bolstad d. 1.8.1870. Ellen dreiv vidare til ho i 1880‑åri flytte til dotteri Anna i Decorah, la. der ho d. 29.6.1891. Nels og Ellen Bolstad fekk sju born i lag: a. Anna N. Bolstad, f. i Luster 8.11.1845, utvandra med foreldri i 1858 og d. i Decorah, la. 28.7.1936. Ho gifte seg i Allamakee Co., Ia. 30.11.1866 med Iver Larsson kjend som Iver Larsen frå Medås i Granvin. Han var son av gardbrukar Lars Iverson på Medås og kona Sigrid Vikingsdotter frå Havås og f. i Granvin 1.11.1837. Iver utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Decorah, la. 23.8.1905. Iver Larsen var forretningsmann («dry goods merchant«), og dei budde i Decorah, Winneshiek Co., Ia. Dei fekk sju born i lag. b. Johanna, kjend som Josephine N. Bolstad, f. i Luster 15.8.1847, utvandra òg med foreldri i 1858 og d. i Grand Forks, N.D 23.10.1927. Josephine gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (his original name from Norway? – wherefrom?) i Amerika kjend som Ole O. Miller. Han var son av ##### (full names of parents etc.?) og f. ##### (exact date and place of his birth?) .2.1853, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – 1872/1874?) Han d. ##### (date and place of his death? – after 1930!) Ole og Josephine farma i Northland township, Polk Co., Minn., men flytte kring 1906 inn til East Grand Forks, Polk Co., Minn. der Ole livnærte seg som bygningssnikkar («building carpenter»). Dei var barnlause. c. Christine N. Bolstad (1851‑1920), utvandra med foreldri i 1858 og vart gift i Amerika med enkjemann, husmann Andreas Arneson frå Nausti under Flahammar (1835‑1921) (s.d.). d. Øllegaard kjend som Olga N. Bolstad, f. i Luster 8.1.1855, utvandra likeins med foreldri i 1858 og d. i Minot, N.D. 3.9.1928. Ho gifte seg i Minneapolis, Minn. 26.7.1883 med enkjemannen Patrick William McGinty, son av John McGinty og Mary Margaret McCormick og f. i Donegal, Irland 16.1.1840. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1847 og hadde før vore gift med Mary Murphy. Han d. i Renville Co., N.D. 22.7.1922. Patrick og Olga budde nokre år i Minnetonka, Hennepin Co., Minn., men flytte sist på 1890-talet til ein farm i Big Lake township, Sherburne Co., Minn. og derifrå etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Lockwood township, Renville Co.,N.D. Dei fekk åtte born i lag, men Patrick hadde visstnok òg minst åtte born i første ekteskapet sitt. e. Johannes kjend som John N. Bolstad, f. i Luster 15.3.1858, utvandra òg med foreldri i 1858 og d. i Polk Co., Minn. 27.7.1927. John gifte seg i Polk Co., Minn. 14.8.1883 med Bertha Jacobsdotter frå Steig i Sør‑Fron, i Amerika kjend som Bertha Jacobson. Ho var dotter av husmann Jacob Olson på Knippa under Steig, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Marit Pedersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Sør‑Fron 18.4.1849. Ho utvandra til Amerika i ##### (year of emigration?) og d. i Polk Co., Minn. 19.10.1925. John og Bertha Bolstad farma i Sullivan township, Polk Co., Minn. og fekk tre born i lag. f. Nels Hess N. Bolstad, f. i Crawford Co., Wis. 15.10.1860, d. i Crawford Co., Wis. 19.1.1930. Nels Hess Bolstad giftre seg i Vernon Co., Wis. 15.6.1893 med Nellie Louise Stebbins, f. i Columbus, Ohio 23.7.1863. Ho d. i Crawford Co., Wis. 2.5.1923. Nels Hess og Nellie Bolstad farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var barnlause. g. Lars, kjend som Lewis N. Bolstad, f. i Crawford Co., Wis. 5.4.1863, d. i Vernon Co., Wis. 28.10.1928. Lewis Bolstad farma i Wheatland township, Vernon Co., Wis., men budde òg mykje i Polk Co., Minn. og i Bowman Co., N.D. Han var ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. (Thor) Christian Hansson (1818-1866) og kona Bertha Nilsdotter (1818-1887) var gardbrukarar på Flattun i Luster, men selde garden i 1854 og utvandra til Vernon Co., WI med fem born, som alle vart buande i Vernon Co., WI. Men etter dei kom fram til Amerika, fekk dei tre born til, og to av desse voks opp: * Britha Marie «Mary» C. Hanson, fødd i Dane Co., WI 2.8.1854 - skal ifølgje etterslekt av søskeni vore gift med ein «Mr.» MILLER og budde i Chicago, IL. Dei skal ha hatt to born i lag, Ida og Birdie... * Lars «Lewis» C. Hanson, fødd i Vernon Co., WI 20.10.1859, skal ifølgje slekti ha vore soldat, men miste livet i ei krigshandling - kan henda var han med i The Spanish-American War sist på 1890-talet? Eg har vore på leiting etter desse søskeni i mange år, og det hadde vore so kjekt å finna ut kvar det vart av dei... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Lorelle VanFossen

    Møller name in Hørte, Telemark

    As mentioned as the husband of Dorthe Christfersdatter in this discussion [https://forum.arkivverket.no/topic/222506-barn-or-krone-in-digital-ministerial-record-book-for-larvik/ Knud Hansen Møller and his family brings up another challenge for me. According to two Norwegian history and genealogy experts, the use of Møller in the family names for multiple generations of Knud Hansen Møller and Hans Knutsson Møller indicates the following options: 1. This is a German family name passed down through generations. 2. This name is an honorific or title as they were all blacksmiths, referred to as Millers working in the ironworks mills. Issue One: If this is a German family name and the earliest date of record for this family is before about 1680, where would we look for some form of confirmation, migration, immigration, something to substantiate this conclusion? Issue Two: If this is an honorific/job title, and each one reached proficiency to be rewarded with this title: 1. Is this a true tradition? If so, why do I not see more Møllers in the records? I found a few, including ancestors, but only a very few in the area. If this was a special job and title, then only a few with that title makes sense. 2. Could such a title be passed down automatically (inherited) in the names of the children or is this earned? 3. Would there be certification papers, tests, or some other record form for earning the qualification? Hørte was a company town, and I understand that they have the archives in a private holding, and I may have access to a couple people who can visit them if I cannot find information outside of those records, so any help in narrowing down these two assumptions and helping me identify records to substantiate this would be appreciated. Thank you!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.