Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'danmark'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 8 resultater

  1. hei, jeg lurer på hvem foreldre og besteforeldre til hans søfteland var, på forhånd tusen takk: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000127371
  2. Aslak Smedal

    Danske kirkebøker på nettet

    Hva er nettadressen til danske kirkebøker på nett? På forhånd tusen takk
  3. George H. Cook, oppgjeven fødd i Danmark 10.9.1849 skal ifølgje FT1900, 1910 og 1920 ha utvandra til Amerika i 1870, medan det i FT1930 er oppgjeve 1967 som utvandringsår- Han gifte seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med Anna Marie Olson, fødd i Luster 10.7.1860 og utvandra i 1862 med mor si til Wisconsin. Dei busette seg i Emerson, Dakota Co., NE der George Cook døydde anten 28.3.1935 eller 28.3.1939 (båe datoar har vore oppgjevne!) Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera denne dansken? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans, yrke,bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Opphavet til denne ætti, og dei eldste slektsleddi har vore drøfta før i dette emnet frå 2012: https://forum.arkivverket.no/topic/178672-elisabeth-christine-hansdotter-schønsal-eller-schøndal-fødd-ca-1738-frå-københavn-dei-eldste-borni-hennar/?tab=comments#comment-1522625 samt i tema #17620 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103370-17620-alexander-lindmagdalena-trondsd-benkestok-trondheimson-andreas-1700-talet/?tab=comments#comment-850690 I dag vart eg minnt om denne huslyden av Ivar Moe i eit anna tema, og på bakgrunn av dette har eg no samla dei fleste trådane i dette nye emnet som eg presenterer i dag! Det er fraleis ein del detaljar eg aldri har greidd å finna, som til dømes: ** Opphavet til prestefrua Else Christine Hansdotter Schønsal i Danmark? ** Fødslene/Dåpane til dei to eldste borni Ulrikke og Christian, men dette kan bero på manglande kyrkjebøker? ** Opphavet til svigerdotteri (kona til Christian) Maren Magdalena Hansdotter? ** Første vigsli til Birgitta Lind med Jacob Christopher Foss? ** Lagnaden til Magdalena Christine Lind? ** Og endeleg sonen Herman Christian Lind som budde i Danmark og der fekk ein stor huslyd. Sonen Hans Henrik Lind (1766-1819) var ei tid sokneprest i Jostedalen, men flytte i 1807 til Hjartdal i Telemark. Han hadde då med seg ei Martha Hermansdotter (1791-1879) som etter kva dei seier var ei dotter som Herman Christian i ein alder av berre 16 år fekk med ei ti år eldre tenestejente i Solvorn, og som vel var òrsaki til at Herman då vart «send» til Danmark for å komma på «betre vegar»... Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne presteætti frå Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~~ Andreas Alexanderson Lind, opphavleg frå Trondheim, var son av skreddarmeister Alexander Hermanson Lind i Trondheim, opphavleg frå København i Danmark, og kona Magdalena Trondsdotter Benkestok, truleg frå Trondheim, og f. i Trondheim 30.3.1733. Han gifte seg i København, Danmark 27.4.1757 med ei Elsa Christine, kjend som Elisabeth Hansdotter Schønsal av usikkert opphav, men truleg f. i Danmark kring 1735. ##### (kven var denne Elsa Christine Schønsal - foreldre og fødsels-/dåpsdato?) Andreas Lind vart student i 1754, cand.philol. i 1755 og cand.theol. i 1757. Han var sidan i mange år presteassistent i og kring Trondheim, men vart 29.9.1775 tilsett som residerande kapellan til Meldal der han og Elisabeth sidan budde fram til 1787. Andreas Lind vart 24.3.1786 tilsett som sokneprest til Hafslo, og han og Elisabeth flytte året etter inn i Hafslo prestegard. Andreas var sokneprest her til han d. 1.8.1791. Elisabeth flytte sidan inn på enkjesetet Kjos og vart gravlagd i Hafslo 8.7.1819. Dei fekk ti born i lag: 1. Eline Ulrikke, kjend som Ulrikke Andreasdotter Lind, f. kring 1758, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) flytte med foreldri sine til Hafslo og budde i mange år i lag med mor si på Kjos. Men Ulrikke Lind flytte truleg kring 1820 med broren Alexander til Søholt i Ørskog der ho d. 6.2.1847, ugift. 2. Christian Ulrik Andreasson Lind, f. kring 1760, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) Christian Lind flytte aldri til Hafslo, men gifte seg i Trondheim 21.9.1797 med Maren Magdalena Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1753) Christian fekk militær utdanning og vart «bombarder» ved artilleriet i Trondheim, men fekk avskil i 1806 og d. i Trondheim 4.8.1807. Maria var truleg den enkja Maren Lind som d. i Trondheim 16.4.1837, 84 år gamal. Dei var barnlause. 3. Birgitta Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 11.3.1762, Birgitta Lind gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hennar? - kring 1789!) med Jacob Christopher Ludvigson Foss frå Bergen. Han var son av kjøpmann Ludvig Foss i Bergen, opphavleg frå Rostock i Mecklenburg, Tyskland, og kona Cathrine Elisabeth Stephensdotter Susemehl, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 26.8.1768. Jacob Foss var gastgjevar på Hofslund i Sogndal, men vart gravlagd i Sogndal alt 7.8.1793. Birgitta gifte seg att i Sogndal 16.10.1794 med Edvard Henrikson Christie frå Sund. Han var son av handelsmann Henrik Edvardson Christie på Kvalvåg i Sund, opphavleg frå Tysnes, og kona Maren Sophie Agathe Nathanaelsdotter Sunde frå Bergen og f. i Sund 14.8.1769. Edvard var òg handelsmann på Hofslund i Sogndal, men d. der alt 22.9.1797. Birgitta gifte seg so tredje gongen i Sogndal 4.11.1799 med Peter Elias Jonasson Alm frå Bergen. Han var son av matros Jonas Arnoldus Olson Alm i Bergen og kona Barbro Hansdotter Heitmann og f. i Bergen 28.7.1779. Peter Alm var handelsmann på Hofslund i Sogndal, men miste livet ved eit ulukkeshende til sjøs og vart gravlagd i Sogndal 12.1.1816. Birgitta d. som enkje på Hofslund 25.9.1829. Ho fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet, tre frå andre ekteskapet og to frå det tredje: a. Ludvig Christopher Jacobson Foss, døypt i Sogndal 12.6.1791, vart gravlagd i Sogndal 24.11.1791. b. Cathrine Birgitte Jacobsdotter Foss, døypt i Sogndal 14.6.1792, d. som enkje på Herøy prestegard i Herøy, Sunnmøre 24.10.1862. Ho gifte seg i Sogndal 8.8.1819 med Ole Martinus Olsen, f. i Bergen 7.10.1792. Han d. i Bergen 10.2.1829. Ole var kirurg, og han og Cathrine busette seg i Bergen. Dei fekk ei dotter i lag. c. Maren Sophie Jacobine Sunde Edvardsdotter Christie, døypt i Sogndal 26.2.1795, d. ugift i Bergen 11.7.1865. d. Andreas Edvardson Christie, døypt i Sogndal 17.3.1796, vart gravlagd i Sogndal 6.4.1796. e. Henrik Wilhelm Edvardson Christie, døypt i Sogndal 9.6.1797, vart gravlagd i Sogndal 23.11.1797. f. Jacob Peterson Alm, døypt i Sogndal 13.7.1800, vart gravlagd i Sogndal 10.2.1802. g. Elisabeth Christine Petersdotter Alm (1801-1883), vart gift med handelsmann og gjestgjevar Herman Luth Wilhelmson Schjeldrup på Hofslund i Sogndal (1795-1867), son av handelsmann og gardbrukarson Wilhelm Melchiorson Schjeldrup frå Rønnei i Luster (1746-1814) (s.d.). 4. Alexander Andreasson Lind, f. i Verdal 11.6.1764, flytte rimelegvis med foreldri til Hafslo i 1787. Han vart hæroffiser i 1794, først fenrik og sidan major og kompanisjef for Bergenhusiske infanteribrigade. Han budde hjå mor si i Kjos i Hafslo, truleg heilt fram til kring 1820. Men kring 1820 flytte Alexander Lind til Søholt i Ørskog. Han fekk pensjon frå hæren 2.3.1829 og d. i Ørskog 22.11.1831, ugift. 5. Hans Henrik, kjend som Johan Henrik Andreasson Lind (1766-1819), vart sokneprest og budde ei tid på Jostedal prestegard i Jostedalen (s.d.). 6. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 21.4.1768, vart gravlagd i Trondheim 16.9.1768. 7. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 7.9.1769, vart gravlagd i Trondheim 19.9.1769. 8. Magdalena Christine Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 6.1.1771, d. truleg som barn, dato og stad ukjende. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?) 9. Herman Christian Andreasson Lind, døypt i København, Danmark 1.2.1775, Herman Lind flytte i ung alder til Danmark og tok universitetsutdanning der han fekk graden cand.philol. Han gifte seg i Trinitatis kyrkje i København, Danmark 4.1.1810 med Sara Danine Abrahamsdotter Meyer frå København, Danmark. Ho var dotter av parykkmakarmeistar Abraham ##### (patronym?) Meyer i København og kona Catharine E. ##### (fullt namn og patronym?) Geisler ##### (opphavi til båe?) og vart døypt i København 25.2.1788. Herman Lind var lærar og kyrkjesongar, og han og Sara busette seg i Smørum, Københavns amt på Sjælland i Danmark der Sara d. 21.4.1829. Herman Lind d. same staden 2.1.1854. Dei fekk ni born i lag: a. Henrik Christian Hermanson Lind, f. i København ##### (fødselsdatoen hans? – kring 1810?) d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – København kring 1812?) b. Andreas Henrik Hermanson Lind, f. i København 28.12.1812, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Gerlev etter 1880?) Andreas gifte seg i Roskilde på Sjælland 22.6.1856 med Karen Marie Emilie Andersdotter Rasmussen, f. i Roskilde, Sjælland 25.9.1823. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - Gerlev kring 1870?) Andreas var lærar og kyrkjesongar til Gerlev i Frederiksborg amt på Sjælland og budde der levetidi ut. Han og Karen fekk ein son i lag. c. Ida Kirstine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 19.9.1814, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - København etter 1885? – Frederiksberg, Københavns amt 25.11.1890?) Ho gifte seg i Holmens sokn i København 13.3.1837 med Anders Christensen, ##### (dato og stad for fødsli hans? - Hundtofte i Stenstrup sokn, Svendborg amt kring 1805? – Magleby, Svendborg amt 5.6.1805?) Han d. i Frederiksberg, Københavns amt 9.6.1882. Anders var kongeleg postbod og portnar, og han og Ida budde levetidi ut i København. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) d. Carl Ferdinand Hermanson Lind, f. i Smørum 13.8.1817, d. i København 28.12.1873. Han gifte seg første gongen i Vor Frelser kyrkje i København, Danmark 20.4.1848 med Caroline Mathilde Johansdotter Greve, f. i København 11.11.1814. Ho d. i København 3.10.1857, og Carl gifte seg att i Vor Frue kyrkje i København 1.5.1864 med Christiane Wilhelmine Johansdotter Greve, ei søster av første kona, f. i København 21.1.1819. Ho d. i København 31.5.1909. Carl var karettmakarmeistar og budde levetidi ut i København. Han fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet. e. Abrahamine Catharine Cecilie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 1.2.1819, ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Frederiksberg, Københavns amt i Danmark 1.12.1850 med Ignaz Franz Michael Franzson Bald, f. i København 9.5.1818. Han d. i København 4.12.1863. Ignaz var krohaldar og sidan arbeidsmann, og han og Abrahamine budde i København, Danmark. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) f. Nanna Lovisa Hermansdotter Lind, f. i Smørum 4.12.1820, d. ugift i København 30.1.1876. Nanna var tenestejente og budde stort sett i København. Ho var ugift, men fekk ei dotter. g. Abraham Wilhelm Hermanson Lind, f. i Smørum 29.7.1822, d. i København ##### (dødsdatoen hans? – 1892?) Han gifte seg i København 7.9.1848 med Laura Christiane Elisabeth Larsdotter Storchter, f. i København 1.1.1826. Ho d. òg i København #####(dødsdatoen hennar? – 1892?) Abraham var snikkarsvein, og han og Laura budde levetidi ut i København, Danmark. Dei fekk seks born i lag. h. Theodora Regine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 29.6.1824, d. i København 27.2.1899. Ho gifte seg i København 14.9.1855 med Nicolai Edinger Pederson Madsen frå København, f. i København 16.7.1818. Han d. i København ##### (dødsdatoen hans? – e. 1880!?) Nicolai var murmeistar, og han og Theodora budde i København, Danmark, men vart skilde etter kort tid. Me kjenner ikkje til born etter dei. ##### (sjekka om dei fekk born?) i. Benedicta Marie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 5.8.1825, d. i Smørum 24.5.1827. 10. Anna Martha Andreasdotter Lind (1777-1852), vart gift med bataljonskirurg Mathias Albert Haberdorph Hansson Brock i Kjos (1773-1853). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne biografien!
  5. Dette er ei oppfølgjing av tema #7972 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/93924-7972-nils-olson-hafslo-bremanger-sunnmøre/?tab=comments#comment-774656 og samstundes ein huslyd som Ivar Moe har mint meg om i eit anna innlegg og som eg svært gjerne vil henta fram att «frå gøymsli»! Ole Ellefson (1709-1764) og kona Susanna Hansdotter (1715-1763) var i mange år gardbrukarar på Mo i Hafslo, men flytte i 1762 til Sogndal der dei vart gardbrukarar på garden Åberge. Dei hadde åtte born i lag, mellom anna sonen Hans Olson (1744-1779) som døydde ugift i Sogndal. Ved skiftet etter denne Hans dagsewtt 3.2.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/221 kjem det fram interessante opplysningar om to av brørne hans: * Nils Olson, døypt i Hafslo 24.6.1747 - var 1779 busett på Sunnmøre * Halvor Olson, fødd i Hafslo kring 1750 - var 1779 busett i Danmark I det gamle emnet frå 2002 er eg ute med eit forslag som gjeld denne Nils Olson. Dersom han kalla opp mor si, Susanna, KAN han vera identisk med ein Nils Olson Qvalstad som med Malene Pedersdotter Osen fekk ei dotter Susanna døypt i Bremanger 10.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054878 men denne Susanna syner seg vera fødd utanfor ekteskap, so kanskje det likevel ikkje er han? FamilySearch syner forresten ei anna mor, Orlaug Andersdotter: Name Susanna Nilsen Gender Female Christening Date 10 Oct 1776 Christening Place , BREMANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY Father's Name Niels Olsen Mother's Name Orloug Andersdr. Denne Susanna kan vera identisk med den Susanna Nilsdotter, 27 år, som i 1801 tente på Vågsberget i Selje og som i 1804 gifte seg med Lars Jeremiasson, gardbrukar på Nordpollen i Selje. Denne Susanna døydde i 1844. Selje ligg mellom Bremanger og Sunnmøre... Når det gjeld Halvor Olson, finn eg berre EIN god «kandidat» i vigselslistene hjå FamilySearch Name Halvor Olsen Spouse's Name Ane Margrethe Rasmusdr Event Date 03 Aug 1785 Event Place Garnisons Sogn, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark Kan det vera han?? Det hadde vore kjempemoro om me greidde å spora opp både Nils og Halvor, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg har fått ei dansk utvandrarutfordring som eg vonar at nokon kan hjelpa meg med? Anne Cathrine Pedersen er oppgjevi fødd i Magleholm, som vel er i Maribo amt i Danmark 13.7.1858. Foreldri hennar skal vera Peder Skatte Pedersen og Anne Margrethe Nielsen. Anna utvandra til Amerika og gifte seg i Dane Co., WI 22.11.1884 med Østen Larsson Kroken frå Luster. FT1900 syner diverre ikkje noko utvandringsår for ho: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q19-K8L FT1910 syner diverre heller ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-P2F Er det likevel mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut/kontrollera: ** Dato og stad for fødsli til Anne Cathrine? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad(ar) og opphav til båe? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Eg syner til FT1900 for Yankton Co., SD der me finn denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-688W-QJT Hans JUST Oct. 1858 Den Den Den farmer - em. 1874 Annie JUST Feb. 1865 IL Ger Ger - married 6 years Oscar JUST Nov. 1884 IL IL IL stepson FT1915 for Miner Co., SD syner at Hans hadde vore i Amerika i 40 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68VS-NDJ FT1925 for Minnehaha Co., SD syner at Hans hadde vore i Ameriika i 49 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTK7-1LP Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å identifisera det danske opphavet til Hans Just? Utvandringi hans?
  8. Petter Lohrmann

    Lisa Lohrmann f. 10/10 1901 i Oslo

    Lisa Lohrmann ble født 10/10 1901 i Oslo. I folketellingen 1910 bor hun og foreldrene i Bolteløkka Allè 2 og på samme adresse finner jeg familien i Oslo adressebok for 1927. Etter dette er hun helt borte for meg, finner henne ikke noe sted. Foreldre; Hans Andreas Lyche Lohrmann & Erika Karoline Marie Lohrmann f. Heltberg. Dette er ikke direkte ane for meg men uansett et mysterium jeg har prøvd å finne ut av i lengre tid. Jeg tror Lisa var deres eneste barn. Jeg tror Lisa emigrerte til Danmark, synes å huske en ledetråd til Danmark og en mulighet for at hun senere het Lisa Ekko? Tips om hvor hun ble av eller hvordan jeg kan finne rette kilder er varmt velkomment ^_^ Vh Petter Lohrmann
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.