Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'erickson'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 5 results

  1. Eg slit med å identifisera denne svensken: Louis Erickson, fødd i Sverige 1.10.1865, utvandra i 1882 (oppgjeve i FT1900, 1910 og 1920) og farma i Dale township, Burke Co., ND der han døydde 23.11.1945. Han gifte seg i Crosby, ND juni/juli 1911 med enkja Bertha Marie Forthun frå Crawford Co., WI (1871-1940), men dei vart skilde kort etter at ein son kom til verdi i 1913! Er det mogeleg å identifisera denne svensken? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Sidan 1980-talet har eg følgjande biografi liggjande på skrivebordet mitt som eg aldri har greidd å stadfesta. Kanskje det lukkast ein eller annan å «sjå» kvar det vart av denne karen? ~~~~~~~~~~~~ Johannes Erikson Røneid, son av Inga Rønnei og gardbrukar Erik Andersson på Opheim i Hafslo (1867-1932), var f. i Luster 2.10.1889. John Erickson utvandra til Amerika i 1907 og reiste då til skyldfolki sine i Seattle, Wash. Skyldfolki hans her i landet høyrde aldri meir gjete han, men det vert fortalt at John utdanna seg til prest («preacher») og at han skal ha butt i Ingobar, Mont. kring 1940, men det har ikkje vore råd å få stadfest desse opplysningane. ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Hello, I am researching my family in Norway and would like to find someone to correspond with. I found a post here from 2005 between my cousin Myrna McGhie and Lars E. Oyane, which was fantastic information, and I see Lars that you are still active here. Thank you. My great grandfather was Kristen Erikson from Aksdal, born in 1810. My great grandmother was Brita Isaksdtr from Utbjoa, born in 1821. They lived on the Skarhaugen farm in Utbjoa, for 8 years before immigrating to the United States in March, 1857. They had 4 sons, all born in Norway. Erik b. 1849 – Isak b. 1851 – Lars b. 1854 – Hallvar b. 1856. Hallvar, known to us as Oliver, was my grandfather. This information was provided to me by Arlen Twedt of Iowa USA and is from the Ølen bygdeboker. I am planning a trip to the area in July, 2021 and would appreciate any help in finding information on the families or Skarhaugen farm and where it was. I would not want to travel all the way to Norway to end up in the wrong part of the country. Tusen takk Bill
  4. Dette er ei ganske uvanleg utvandrarsoge frå Sogn som eg har jobba med gjennom mange år, men utan å komma heilt til «botn» av! Erik Jørgenson Natvig og Anna Olsdotter flytte mellom fleire bygder i Sogn før dei i 1869 utvandra til Amerika. Fleire av borni var utvandra før, mellom anna sonen Jørgen (George Erickson) som på 1870-talet vart sauebonde i Trinity Co., CA. Yrkesvalet hans vart so mislikt av dei store kvegrancharane i nabolaget at dei myrda George gjennom eit bakholdsangrep i 1886. Dete var skikkdeleg «ville vesten»! Soga til Jørgen har eg studert i detalj. Eg har lese sakspapiri og finne ut det meste om han og huslyden hans. MEN, eg har vanskar med å finna att foreldri hans og fleire av søskeni.. ** Kvar budde Erik og Anna i 1870? Kva namn nytta dei då? ** Kvar vart det av dei etter 1880? Døydde dei òg i California? Dei vert ikkje nemnde i sakspapiri om drapet på sonen! ** Og kva med søskeni Ole, Erik og Olina? Erik var òg i California, men ingen av dei nolevande etterkomarane etter Jørgen i California veit kvar han vart av... Eg attgjev noverande status på manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Jørgenson Natvig, opphavleg frå Sva under Natvik i Årdal, men soneson av husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland i Årdal (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo, var f. i Årdal 9.5.1819. Han gifte seg i Årdal 30.4.1843 med Anna Olsdotter frå Hovland, ei sonedotter av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinserdalen i Hafslo. Ho var f. i Årdal 29.3.1815. Erik og Anna busette seg først på ein plass under Natviki i Årdal. Erik og Anna fekk våren 1852 innflyttingsattest til Hafslo, men truleg flytte dei hit alt i 1851. Dei tok over som plassfolk på Loi og dreiv plassen fram til 1854. Erik og Anna flytte visstnok alt i 1854 til Bjordal i Lavik der dei var paktarar i fleire år til dei kring 1860 flytte til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var innerstfolk til dei i 1869 utvandra til Amerika. Me finn dei att under namni Erick og Anna Natwick der dei først busette seg ¤¤¤¤¤ (Wisconsin or Iowa? - kvar??) men i 1879 følgde dei sonen Jørgen til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. ¤¤¤¤¤ (lived there in 1880 – perhaps on a farm?? – what later??) ¤¤¤¤¤ (date and place of his death?) ¤¤¤¤¤ (date and place of her death?) Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Anna ei dotter frå før: a. Fredrikka Kirstine Eriksdotter (1836- ¤¤¤¤¤ (death year US? – after 1920!) ), dotter av Anna og husmannssonen Erik Erikson frå Tolsgarden under Lægreid (1811-1896), vart gift første gongen med husmann Nils Andersson på ein plass under Rød i Balestrand (1831-1867), men utvandra i 1872 til Amerika og vart der attgift med husmannssonen Torbjørn Erikson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1846-1907) (for båe ekteskapi, sjå under Leirdalen i Luster). b. Helvig Fredrikke Eriksdotter, kjend som Helen Erickson, f. i Årdal 17.9.1842, flytte med foreldri til Hafslo og vidare til Lavik og so til Lærdal, men utvandra derifrå til Amerika i 1863. Ho gifte seg første gongen i Columbia Co., Wis. 25.7.1863 med enkjemannen Hans Monsson, opphavleg frå Hausahalsen i Lærdal, ein soneson av gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg i Luster (1765-1834), i Amerika kjend som Hans Monson. Hans var f. i Lærdal 10.8.1823 og gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1848 med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland, f. i Aurland 18.3.1817. Hans og Olina budde visstnok som innerstfolk på Hausahalsen, men Olina må vera avlidi, ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?) for Hans var enkjemann då ogso han utvandra til Amerika i 1863. Hans og Helen Monson slo seg først ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte tidleg i 1870-åri til ein farm i Clayton township, Mower Co., Minn. Kring 1883 flytte dei so inn hjå ein bror hans i North Ottawa township, Grant Co., Minn. der Hans d. 6.1.1894. Helvig Monson flytte som enkje til Elk Lake, Grant Co., Minn., men gifte seg att i Grant Co., Minn. 16.10.1908 med enkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson. Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847 til Winnebago Co., Wis. Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå ¤¤¤¤¤ (Telemark!?) Ho var dotter av ¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?) og f. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – 19.8.1834? – kan henda f. Drangedal 14.7.1833 som dotter av Halvor Hansson Øvrebø og kona Signe Johnsdotter, utvandra 1846? men utvandra til Amerika i ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hennar? – 1900 seier 1847, men 54 år i Amerika!) Ole og Margit farma mange år i Winchester township, Winnebago Co., Wis., men flytte på 1890-talet med fleire av dei yngre borni til Navarino township, Shawano Co., Wis. der Margit d. 28.8.1902. Ole flytte kring 1907 til Elbow Lake, Grant Co., Minn. der han og Helvig budde levetidi ut. Ole d. i Elbow Lake, Minn. 2.9.1911, medan Helvig Kittleson d. same staden 3.2.1917. Me kjenner til tre born etter Hans Monson, som alle var frå andre ekteskapet med Helvig. Andre ekteskapet hennar var barnlaust, men Ole Kittleson hadde elleve born frå første ekteskapet sitt. c. Ole Erikson, kjend som Ole Natwick, f. i Årdal 22.3.1845, flytte likeins med foreldri sine til Hafslo, Lavik og Lærdal, men utvandra til Amerika i 1867. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – biography needed!) d. Jørgen Erikson, kjend som George Erickson, f. i Årdal 10.11.1847, flytte med foreldri sine til Hafslo, Lavik og so til Lærdal, og derifrå utvandra han til Amerika i 1868. George flytte tidleg til California og budde ei tid i Sacramento og i Tehama Co., Cal. til han i 1874 flytte til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. George gifte seg i Madison, Wis. 1.9.1879 med Dorthina, kjend som Dena Burnson, f. i Dane Co., Wis. 22.7.1860. Dei vart buande i Hettenshaw precinct nær Mad River, Trinity Co., Cal. der George livnærte seg som sauebonde («sheep raiser»). Men han vart myrda av ein nabo 7.9.1886, og Dena gifte seg att i Gardnerville, Nev. 22.2.1894 med Hans Hansson Nielsen frå Nørre Løgum i Lø kommune, Tønder amt, Danmark, i Amerika kjend som Hans Nelson. Han var son av gardbrukar Hans Jensen Nielsen i Kløjing, Nørre Løgum og kona Karen Hansdotter f. Lund og f. i Nørre Løgum, Tønder amt i Danmark 24.3.1862, men utvandra til Amerika i 1883. Hans Nelson var ei tid hotellstyrar («hotel manager»), og han og Dena budde i East Fork precinct, Douglas Co., Nev., men farma sidan i Jacks Valley precinct, Douglas Co., Nev. Hans og Dena vart skilde i 1915, og Hans flytte til Reno, Washoe Co., Nev. der han d. 15.5.1950. Dena gifte seg tredje gongen i Reno, Nev. 29.6.1925 med Frank Berger, f. i Washoe Co., Nev. 26.6.1865. Frank hadde då i mange år vore jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Dena budde i Reno, Washoe Co., Nev. der Dena d. 19.8.1940. Frank Berger d. same staden 2.12.1943. Dena fekk i alt fire born, som alle visstnok var frå første ekteskapet med George Erickson, men siste mannen Frank Berger hadde òg to døtrer frå eit tidlegare ekteskap. e. Erik Erikson, kjend som Erick Natwick, f. i Årdal 1.9.1850, flytte òg med foreldri til Hafslo, Lavik og derifrå til Lærdal, men utvandra òg til Amerika i 1868. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – mentioned 1888 in Hettenshaw precinct near Mad River, Trinity Co., CA! – biography needed! – called Erick Erickson!?) f. Cecilia Eriksdotter, kjend som Cecelia Erickson, f. i Hafslo 24.11.1852, flytte med foreldri til Lavik og Lærdal og utvandra derifrå med dei til Amerika i 1869. Ho d. i Ada, Minn. 12.7.1932. Cecelia gifte seg i Dane Co., Wis. 11.11.1872 med søskenbarnet Jørgen Andreasson, kjend som George A. Natwick, ein dotterson av gardbrukardotteri Anna Hermundsdotter frå Kinserdalen i Hafslo (1784-1882). Han var f. i Årdal 4.2.1846, men flytte i 1847 med foreldri sine til Hitra og utvandra so derifrå til Amerika i 1869. Han d. i Ada, Minn. 13.10.1919. George og Cecelia slo seg i 1873 ned som farmarar i Clay township, Shelby Co., Ia., men flytte i 1882 til ein farm i Lake Ida township, Norman Co., Minn. Som pensjonistar flytte dei kring 1915 inn til Ada, Norman Co., Minn. Dei fekk elleve born i lag. g. Olina Eriksdotter, kjend som Lena Natwick, f. i Lavik 4.3.1855, flytte med foreldri til Lærdal, men utvandra òg med dei til Amerika i 1869. ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!) h. Peder Erikson, f. i Lavik 10.10.1857, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 25.3.1865. ~~~~~~~~~~~~~ Kanskje kan OBITUARIES finnast for: * Helvig «Helen» KITTELSON, som døydde i Elbow Lake, MN 3.2.1917? * Cecelia NATWICK, som døydde i Ada, MN 12.7.1932? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  5. Dette er ei kjempeutfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan å komma noko vidare med. Kanskje tidi no er mogi for ein ny freistnad: Jan Henrik (kjend som Henrik) Erikson Søvde (1821-1870) og kona Bertha Christophersdotter f. Oyene (1828-1870) utvandra til Amerika i 1870 med seks born og var knapt framkomne til Crwford Co., WI då dei båe vart sjuke av tyfus og døydde med to vekers mellomrom! Yngste sonen døydde på vegen over havet, men att sat fem born i alderen 7-17 år. Eldstre dotteri v art gift og busett i Crawford Co., WI, medan dei hine borni alle flytte med ei tante til Becker Co., MN sist på 1870-talet. Eit par av dei nytta Sovde-namnet, medan dei yngste skreiv Erickson, og ei av dei er kjempeutfordringi som eg i kveld gjerne vil henta fram: * Christine Erickson, fødd i Luster 3.2.1863, Her er ho som ugift tenar i Lake Park, Becker Co., MN i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-KSM Og her ber ho som tenar hjå søsteri Lena gift med hotelleigar Tollef Flammer i Fargo, ND i 1885: (fekk ikkje denne fram på FamilySearch, so her er frå ancestry) https://www.ancestry.com/interactive/1078/44315_346011-00261?pid=3357037&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx12851%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DOCDlIS23q4ttzhzNW2kc0w%3D%3D%26db%3DNDstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3Deric*%26gsln_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DCass%20County,%20North%20Dakota,%20USA%26msrpn%3D525%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1885%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D26%26h%3D3357037%26recoff%3D%26ml_rpos%3D27&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12851&_phstart=successSource&usePUBJs=true Dette er siste livsteikn eg har finne av Christine Erickson, so då er spørsmålet: ** Kvar i all verdi er ho vorti av etter 1885?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.