Search the Community
Showing results for tags 'qvale'.
-
Hans Olson Qvale (1775-1855) - anglemakarmeistar i Bergen - kven var kona Anna Rasmusdotter Berg?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Ivar Moe har greidd det igjen: I ettermiddag fortel han meg om denne byborgaren frå Luster: Det var to personar med dette namnet frå Luster, som båe flytte til Bergen, og eg har oppdaga at eg har «plassert» anglemakarmeistar-titelen på feil mann! Men Grethe har supplert med fleire opplysningar om denne Hans Olson Qvale, hjarteleg takk Grethe! - sjå innlegg 369 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15 Og på bakgrunn av dei nye opplysningane har eg sett opp følgjande manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Olson, son av Mari {Paulsdotter Qvale} og husmann Ole Salomonson i Tallehagen under Talle (1752-1826), vart døypt 13.6.1775 og voks truleg opp hjå farsfolket på Berge i Dale, for der budde han då han vart konfirmert i 1791, Sidan tente han truleg fleire stadar i bygdi, og i 1801 ser me han budde på Flattun. Hans Olson Qvale flytte kort etter hundreårsskiftet til Bergen der han gifte seg i Krosskyrkja 30.10.1803 med Anna Rasmusdotter Berg frå ##### (opphavet hennar? - foreldri?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - 1766?) Han fekk 17.1.1815 borgarskap i Bergen som anglemakarmeistar, og han og Anna vart buande i Bergen der Anna d. som anglemakarkone 15.3.1838. Som enkjemann flytte Hans Olson Qvale heim att til Kvalsøyri i Luster der han d. som legdelem 19.2.1855. Han og Anna var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Den store utfordringi som står att her, er å identifisera Anna Rasmusdotter Berg, men er det mogeleg basert på so knappe opplysningar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anna Rasmusdotter! -
Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen berre måtte gje meg på grunna vanskar med kjeldetilgong. No tenkte eg det ville vera lettare, og nokre opplysningar har eg finne, særleg om einaste dotteri i huslyden, men kven kona var og kvar det vart av dei tre sønene deira, er ei stor utfordring! Dei gøymer seg svært so godt, og eg vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum til å komplettera dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje leiting har eg no greidd å finna att to av sønene i denne huslyden, som tydeleg har vore «bortsette» som born, ein i Mæland og ein i Fana. Eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #2! Kanskje kan nokre av dei vera flytte nordover? Ein eller annan stad må dei jo ha teke vegen...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.