Denne utfordringi tek utgongspunkt i ei vigsle som fann stad i Blue Mounds Lutheran church nær Mt. Horeb, Dane Co., WI 4.9.1869 der Sophia Jansdotter Berge frå Luster (1836-1918), som utvandra i 1862, gifte seg med denne mannen:
Lars Olson Økdalen, oppgjeven alder 38 år og foreldre Ole Andersson og Ingeborg:
https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00415?pid=3430421&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D3430421%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true
FT1900 for Okoboji township, Dickinson Co., IA syner han som Lewis Olson, fødd i Noreg i oktober 1828 og utvandra i 1867:
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WKW-9NR
Eit ancestry.com family tree påstår at Lars var fødd i Numedal, men han døydde i Dickinson Co., IA 1.3.1902, og frå Find-a-grave kan ein lesa at han skulle vera fødd på Nora i Os, Hedmark 15.2.1831: https://www.findagrave.com/memorial/33219226
Find-a-grave har òg opplysningar om foreldri, båe fødde i 1801, og om ei søster Julia Gundelfinger Nelson, fødd 1825, som ligg gravlagde andre stadar!
Eg har mest tru på at huslyden kom frå Os i Hedmark, MEN det merkelege er at eg ikkje kan finna spor etter denne huslyden på Os! Eller er eg funnstendig blind vorten?
Eg lyt leggja til at eg ein gong såg ein merknad i Amerika om at Lars skulle vera fødd i SVERIGE. Kan det tenkjast at dei flytte litt fram og attende? Det er jo ikkje langt frå Os til svenskegrensa...
Elles er jo dette Økdalen-namnet svært so spesielt! Kvar kan det komma ifrå?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å finna det norske (eller svenske?) opphavet til Lars Olson Økdalen!