Search the Community
Showing results for tags 'ørbech'.
-
Christian Fredrik Theodosius - styrmann - gift i Bergen 1743 med Anna Ørbech - kven var han, og kvar vart dei av?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Denne vigsli er innført i Nykyrkja i Bergen 12.6.1743: Styrmann Christian Fredrik Theodosius og enkja Anna Ørbech: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=13865&merk=13865#ovre Anna Ottosdotter Ørbech, prestedotter frå Ringebu, var fødd på Ringebu kring 1694 som del av denne huslyden: https://forum.arkivverket.no/topic/219408-otto-hansson-ørbech-1659-1705-dels-oppvaksen-i-luster-sokneprest-til-ringebu-kartleggjing-av-huslyden-hans/ Ho gifte seg første gongen i Tønsberg 18.11.1716 med kjøpmannssonen Jochum Janson Møller frå Bergen, som eg heller ikkje veit noko meir om.... Dei budde i Bergen og fekk åtte born i lag, men huslyden ser ut til å «forsvinna» etter at Anna gifte seg att med denne styrmannen... Er det nokon som har høyrt gjete ein styrmann med dette merkelege namnet? Kvar kan dei ha vorte av?? Eg er òg interessert i fleire opplysningar om Jochum Møller, om det skulle finnast nokon stad... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Otto Hansson Ørbech (1659-1705) - dels oppvaksen i Luster - sokneprest til Ringebu - kartleggjing av huslyden hans?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ein huslyd som eg har slite med i mange år, men som eg grunna «tunne» kjelder aldri vart heilt «klok» på. Kanskje er det no mogeleg å finna svar på ein del av dei spørsmåli eg ikkje greidde løysa på 1980-talet? Slik ser manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Østen Otteson Ørbech - nemnd som sorenskrivar i 1728, men kvar??
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
I innlegg #21 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/219408-otto-hansson-ørbech-1659-1705-dels-oppvaksen-i-luster-sokneprest-til-ringebu-kartleggjing-av-huslyden-hans/ er det komme fram følgjande opplysning: Ved ein barnedåp i Borre i Vestfold 4.1.1728 er ein av fadrane oppgjeven vera sorenskrivar Østen Ørbech: https://media.digitalarkivet.no/view/8165/32 Eg reknar med dette må vera ein son av sokneprest Otto Hansson Ørbech til Ringebu og døypt der 4.2.1697. Men er det nokon som har oversyn over sorenskrivarane frå den tidi og kvar det vart av denne karen? I september 1727 var den same Østen Ørbech fadder i Bergen, men då utan titel... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.