Eg har i årevis freista finna ut av dødsfallet til denne jenta frå Hafslo:
Maria Johannesdotter MOE, fødd i Hafslo 22.12.1875. Ho gifte seg «godt vaksi» i Sogndal 9.7.1919 med enkjemannen Anders Erikson AARØEN, fødd i Sogndal 20.4.1865. Dei budde i Sogndalsfjøra, men Anders døydde på gamleheimen i Sogndal 28.8.1942.
Maria levde att som enkje i 1942, men dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Sogndal. No har eg nettopp fått greie på at ho på sine «gamle dagar» skal ha flytt til Tronvika på Kyrkjebø, Lavik og døydde i svært høg alder, truleg på 1960-talet.
MEN, eg kan ikkje finna ho i dødslistene for Noreg som børjar kring 1951, so no lurer eg på om kanskje andre har betre leiteteknikkar enn meg?
Eg ville setja stor pris på å få greie på dato og stad for dødsfallet hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!