Denne «vesle» huslyden frå Luster budde i Bergen, og medan dotteri før er gjort greie for som fosterdotter hjå ei anna utflyttar frå Luster og sidan hotelleigar på Nesttun i Fana, er det for meg eit stort «mysterium» kvar det vart av bror hennar, Carl Theodor.
Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:
~~~~~~~~~~~~
Torger Torgerson {Sandvig}, f. {i Luster} 5.4.1821,
Torger Torgersen flytte i 1844 til Lavik der han tente til han i 1847 fór vidare til Bergen. Han gifte seg i Bergen 11.7.1852 med Anna Marie Torgersdotter frå Nes. Ho var f. i Luster 2.11.1828 og flytte òg til Bergen i ung alder. Torger Torgersen var ølbryggjar og vart sidan ølhandlar i Bergen. Han og Anna busette seg på Nykirkealmendingen i Bergen der Anna d. alt 31.12.1858. Torger flytte kort etter til Pundersmuget, men det gjekk sidan ut med han, og han d. som almisselem (legdelem) i Strandgaten i Bergen 18.2.1880. Torger og Anna fekk to born i lag:
a. Carl Theodor Torgerson Torgersen, f. i Bergen 10.10.1852, voks opp hjå far sin,
##### (n. 1865 hjå faren i Pundersmuget – 1875: lettmatros på «Alfen» - seinare lagnad? – truleg avliden før 1888!?)
b. Rakel Marie Torgersdotter Torgersen (Hjemdal), f. i Bergen 26.12.1855, miste mor si då ho var tre år gamal og voks opp som fosterdotter hjå husmannsdotteri Gurina Larsdotter frå Langeteigen under Heltne i Dale (1822-1904), gift med hotelleigar Lars Hjemdal (1831-1899). Rakel, som alltid skreiv seg for Hjemdal, tok over Solhaug Hotell på Storemidtun i Fana etter fosterforeldri sine, og der d. ho ugift 25.4.1923. Ho lét etter seg ei dotter.
~~~~~~~~~~~~
Her er siste kjende innførsel for Carl Theodor i 1875 som lettmatros på «Alfen»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295042852
Carl Theodor er IKKJE nemnd i skiftet etter farbroren Christen Torgerson Sandvik som døydde ugift i Luster i 1888, so truleg var han då avliden utan å etterlata seg born(?)...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden hans!