Ivar Moe har greidd det igjen: I ettermiddag fortel han meg om denne byborgaren frå Luster:
Det var to personar med dette namnet frå Luster, som båe flytte til Bergen, og eg har oppdaga at eg har «plassert» anglemakarmeistar-titelen på feil mann! Men Grethe har supplert med fleire opplysningar om denne Hans Olson Qvale, hjarteleg takk Grethe! - sjå innlegg 369 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15
Og på bakgrunn av dei nye opplysningane har eg sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:
~~~~~~~~~~~~~
Hans Olson, son av Mari {Paulsdotter Qvale} og husmann Ole Salomonson i Tallehagen under Talle (1752-1826), vart døypt 13.6.1775 og voks truleg opp hjå farsfolket på Berge i Dale, for der budde han då han vart konfirmert i 1791, Sidan tente han truleg fleire stadar i bygdi, og i 1801 ser me han budde på Flattun.
Hans Olson Qvale flytte kort etter hundreårsskiftet til Bergen der han gifte seg i Krosskyrkja 30.10.1803 med Anna Rasmusdotter Berg frå
##### (opphavet hennar? - foreldri?)
##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - 1766?)
Han fekk 17.1.1815 borgarskap i Bergen som anglemakarmeistar, og han og Anna vart buande i Bergen der Anna d. som anglemakarkone 15.3.1838.
Som enkjemann flytte Hans Olson Qvale heim att til Kvalsøyri i Luster der han d. som legdelem 19.2.1855. Han og Anna var barnlause.
~~~~~~~~~~~~~
Den store utfordringi som står att her, er å identifisera Anna Rasmusdotter Berg, men er det mogeleg basert på so knappe opplysningar?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anna Rasmusdotter!