Denne huslyden arbeidde eg mykje med kring 1990, og eg fann då ut ein del om dei, men møtte «veggen» mange stadar. Kanskje er det no enklare å finna meir ut om lagnadane deira?
Huslyden tek utgongspunkt på ein husmannsplass på Sandvikøyri under Sandvik i Gaupne, Luster, men to av døtrene gifte seg til Sandvik i Kvinnherad, og til sist fór òg faren, som då var enkjemann, og einaste attlevande sonen hans dit. Sonen forsvinn heilt for oss, og medan me har bra oversyn over døtrene, forsvinn mange av barneborni, dels til Amerika og dels andre stadar. No vonar eg på lite vetta hjelp til å komplettera dette manuskriptet, som pr. i dag ser slik ut:
~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og flotte innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!
Eg er særleg i stuss når det gjeld denne Gunnhild Samsonsdotter som utvandra til Amerika i 1904. Vigsli har eg ikkje finne, men so ser eg at dei vart baptistar...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!