Frå Iowa får eg opplyst at:
 
	 
 
	Marie Berntine Eriksdotter Børseth skal vera fødd i Noreg 3.7.1877 av foreldri Erik Børseth og Marie Eriksdotter.
 
	 
 
	Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1883(?).
 
	 
 
	Marie gifte seg på Washington Prairie nær Decorah i Winneshiek Co., IA 2.2.1899 med Jens J. Moe frå Luster i Sogn (1871-1939) og skal vera avliden i Waukon, IA i 1943, dato ukjend.
 
	 
 
	Er det nokon som dreg kjensel på dette namnet og som kan hjelpa meg finna ut/stadfesta:
 
	 
 
	** Fullt namn i Noreg?
 
	 
 
	** Dato og stad for fødsli hennar?
 
	 
 
	** Utvandringsåret?
 
	 
 
	** Fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?
 
	 
 
	Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!