Peter D. Bart er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år - kanskje nokon kan hjelpa meg kasta ljos over denne karen?
Eg syner til find-a-grave: https://www.findagrave.com/memorial/102824567/peter-d-bart
Peter gifte seg i Fargo, ND 17.11.1894 med Bertha C. Anderson frå Luster i Sogn (1861-1940) og budde alltid i Fargo, ND der Peter var byggmeister. Dei fekk to døttrer i lag.
Er det mogeleg å finna opphavet til Peter D. Bart? Eg har fått opplyst at han skal vera fødd i MAINSVILLE, WI, men nokon slik by finn ikkje eg i Wisconsin!
Her er huslyden:
FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68F9-KJR
FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ6-NBJ
FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXP-7M3
Eg er ikkje heilt sikker på at fødselsåret 1859 stemmer..., for eg finn ikkje nokon gode «kandidatar» i FT1860..., men eg finn denne i Washington Co., WI
FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XC9H-KY
Eg ville vorte kjempeglad om nokon greidde å identifisera fødestaden til Peter og ogso mellomnamnet hans!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!