Eg har leitt fleire gongar etter dette parfolket som etter alt å dømma må ha utvandra i 1867. Dei gifte seg etter ankomsten i Vernon Co., WI 21.7.1867:
Nils Henrikson Sandvig, fødd i Luster 8.11.1837 - 1865 tenestedreng på Bathen: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=006&bnr=0030&lnr=000
Britha Johannesdotter Bathen, fødd i Hafslo 17.6.1829 - 1865 i teneste på Bathen: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=006&bnr=0031&lnr=000
Ho hadde dessutan med seg ei dotter:
Elisabeth Eriksdotter (Bathen), f. i Hafslo 18.2.1854 - med mor si i 1865!
Kan nokon hjelpa meg finna denne huslyden på ei passasjerliste i 1867?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!