Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i mange år, men som berre ikkje vil dukka opp nokon stad:
Johannes Christenson Beim, vart døypt i Hafslo 23.3.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/1993/27
som son av Christen Iverson (1778-1835) og Siri Johannesdotter (1785-1845), gardbrukarar på Beim i Hafslo.
Han vart konfirmert frå Beim i 1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/102
Men då det i 1879 vart halde skifte på Beim etter broren Iver, er Johannes ikkje nemnd, so me har grunn til å tru at han var avliden før den tid utan å etterlata seg born, men lagnaden hans er altso heilt ukjend. Kan han vera faren til Nordland??
Eg takka so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!