Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'benæs'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Her kjem me fram i ein huslyd, der eg manhløar ein del detaljar om opphavi til to ektemakar, men kanskje særleg ein son som forsvann i Amerika. Kjelda for denne forsvinningi i Amerika må vera dødsmeldingi etter mori frå 1916. Men om dei ikkje hadde høyrt gjete guten sidan den gongen, er ikkje det noko til hinder for at han kan dukka opp no, eller...? De hadde vore heilt kjempe å kunne fylla nokre av desse hòli, og her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anna Christensdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 4.6.1830. Anna Christensdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg der første gongen 1.11.1857 med Thomas Thomasson frå Rolsvik i Os, i Bergen kjend som Thomas Thomassen. Han var son av husmann Thomas Andersson på ##### (ein plass under Rolsvik, men kva for ein?) under Rolsvik, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Sigrid Andersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Os 28.2.1827. Thomas Thomassen reiste til sjøs som matros, og han og Anna budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Kjældersmuget og sidan i Nøstesmuget der Thomas d. 28.8.1875. Anna gifte seg att i Bergen 1.2.1880 med enkjemannen Rasmus Erikson, opphavleg frå Benes i Innvik, i Bergen kjend som Rasmus Benæs. Han var son av gardbrukar Erik Rasmusson på Benes, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Susanna Aamundsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Innvik 17.9.1826. Rasmus gifte seg første gongen i Bergen 13.8.1854 med enkja Ragnhild Pedersdotter, opphavleg frå Øyre i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Olson i Øyrehagen under Øyre, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Metta Hansdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og vart døypt i Sogndal 16.7.1803, men d. i Bergen 1.1.1874. Rasmus Benæs var bøkkarsvein, og han og Anna busette seg i Claus Ockensmuget i Bergen der Rasmus d. 1.4.1908. Anna Benæs d. i Bergen 9.6.1916. Ho fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet: a. Marie Christine Thomasdotter Thomassen, f. i Bergen 7.5.1857, d. i Bergen 31.12.1857. b. Tomine Severine Thomasdotter Thomassen, f. i Bergen 15.12.1859, d. i Bergen 30.4.1860. c. Thomas Severin Thomasson Thomassen, f. i Bergen 13.7.1861, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans?) ##### (lagnaden hans? – ikkje høyrt ifrå sidan 1883!) d. Anne Mathilde Thomasdotter Thomassen, f. i Bergen 3.5.1864, d. i Bergen 27.2.1868. e. Ingvald Martin Thomasson Thomassen, f. i Bergen 26.1.1870, d. i Bergen 29.8.1871. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.