Eg syner til denne fødsli som eg har finne i Aker (Austre Aker?):
Johan Magnus, fødd 28.3.1845, døypt 6.7.1845 av foreldri paktar Jens Larsson og Malena Olsdotter på Bjølsen: https://media.digitalarkivet.no/view/570/103
Vigsli til foreldri:
Jens Larsson frå «Lysegaard i Aggers...», 27 år og
enkja Malena Olsdotter «Hago(?)», 33 år
finn eg i Nittedal 3.6.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/755/220
Eg ser ikkje noko til denne huslyden i Christiania 1865!
Johan Magnus utvandra før 1871, for under namnet Magnus Johnson gifte han seg i Fillmore Co., MN 1.5.1871 med Gjertrud Christenson frå Luster i Sogn (1851-1882). Han gifte seg sidan att med ei ukjend Bertha Nelson og døydde i Fillmore Co., MN 22.8.1919
Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut/stadfesta:
** Utvandringsåret til Johan Magnus Jenssen?
** Kvar Johan Magnus voks opp, d.v.s. den (endelege) bustaden til foreldri Jens og Malena?
** Kva gard/plass hadde Jens Larsson opphavet sitt ifrå?
** Kva gard/plass hadde Malena Olsdotter opphavet sitt ifrå?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!