Kristoffer Pedersen, fødd på garden Joranger i Hafslo 9.12.1870 som yngste barn av gardbrukar Peder Jørgenson (1825-1904) og kona Malena Johannesdotter (1828-1917), skal etter tradisjonen heime på Hafslo ha rømt frå bygdi for å sleppa unna militær teneste. Ryktene seier han reiste til Trondheim, men dei høyrde aldri meir gjete mannen i heimbygdi!
No har eg gjort ei spennande oppdaging på Digitalarkivet og syner til desse to postane i «detaljert søk» basert på fødselsdato:
https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001081306
Forbrytaralbum: https://media.digitalarkivet.no/view/58528/61
https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001095873
Detaljopplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/75922/11
Her les me mellom anna at Kristoffer var jarnbanearbeidar heimehøyrande på Toten, men med bustad i Trondheim!
So er utfordringane:
** Kan Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen finast i FT18991 og/eller FT1900?
** Kvar i all verdi er det vorte av Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen etter 1904?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!