Dette er eit «mysterium» som eg har slite med i over 40 år. Kanskje tidi no er kommi til å finna ei løysing på gåta?
Sølfest Christenson Ottum (1835-1911) og Sara Torstensdotter Nordgulen (1826-1921) utvandra frå Luster i 1866 og farma mange år i Buffalo Co., WI, men flytte kring 1890 til Lisbon, Ransom Co., ND der i alle fall dei to eldste døtrene var gifte og busette, og truleg var ogso yngste dotteri busett der:
Ingeborg Torena, kjend som Torena Ottum, fødd i Buffalo Co., WI 29.6.1867, skal ifølgje opplysningar eg fekk hjå søsterborni hennar i 1979 (ei av søstrene var gift med ein tremenning av min eigen oldefar) ha gift seg kring 1888, anten i Wisconsin eller i North Dakota, med ein Nels Erickson, som me ikkje veit noko om opphavert til... Dei skal ha hatt fire born, men Torena døydde på 1890-talet, og som enkjemann skal Nels Erickson ha flytt med borni deira til British Columbia!
Og der sluttar alle spor!
Er det nokon som kan hjelpa meg freista finna ut kvar det kan ha vorte av denne huslyden?
* Kven var Nels Erickson?
* Dødsfallet til Torena?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!