Ingrid Eriksdotter Bratterud, oppgjeven fødd i Noreg 2.2.1860, døydde i Worth Co., IA 7.6.1950.
Ho gifte seg første gongen i Worth Co., IA 7.10.1884 med enkjemannen Peder Hansson Dalsøren frå Luster (1837-1896), og etter han var avliden gifte ho seg att i Worth Co., IA 15.3.1897 med:
Carl Johan Sæther, oppgjeven fødd i Noreg 20.5.1868, døydde i Osage, IA 7.4.1959.
Her er Carl og Ingrid i:
FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-632
FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXW-D4T
FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RHW-PTF
FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-V81Z
Carl er oppgjeven med utvandringsår 1891 (i 1910 og 1920) og 1883 (i 1930), medan Ingrid har utvandringsår mellom 1883 og 1880.
Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna dei norske opphavi deira?
* Fulle «norske» namn?
* Dato og stad for fødslene deira?
* Fulle namn på foreldri deira med yrke, bustad og opphav?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!