Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'brown'.
Fant 2 resultater
-
Lagnaden til Martha Johannesdotter Feigum i Amerika var i mange år ei «gåte»! Først kring hundreårsskiftet fann eg ut at ho hadde gift seg og budde i Union Co., SD, men kjeldetilfanget er heller «tunt» derifrå, og eg veit ikkje min arme råd å komma vidare med denne huslyden! No vonar eg verkeleg at nokon kan hjelpa meg på veg? Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Martha Johannesdotter {Feigum}, f. {i Luster} 21.1.1827, Martha Johnson utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Travis Co., Tx. 21.12.1870 med Peder ##### (opphavleg norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som Peter R. Brown. Han var son av ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – FT1880 seier 1825!) .9.1829, men utvandra til Amerika i 1860. ##### (sjekka utvandringsåret hans?) Peter og Martha slo seg ned som farmarar i Elk Point township, Union Co., S.D. der ##### (lived there 1880 – uncertain whether Peter retired to Elk Point city – farm must be in city outskirts!) ##### (date and place of her death? – after 1880/prior to 1900!) Peter Brown d. ##### (date and place of his death? – after 1905!) ##### (info on children? – none listed 1880!) ~~~~~~~~~~~~~~ Fødselsåret til Peter Brown varierer i ulike teljingar mellom 1825 og 1830, men både i 1900 og i 1905 står det at han utvandra til Amerika i 1860. Han skal ha butt i Union Co., SD sidan 1865. Underleg er det difor at vigsli deira fann stad i TEXAS!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Dette er ei problemstilling som eg første gongen arbeidde med på 1980-talet, men utan nokon gong å komma vidare. Kanskje er det nokon som dreg kjensel på namnet Knut Brown og kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christen Pederson {Bergum}, f. {i Luster} våren 1819, Christen P. Bergum utvandra til Amerika i lag med broren Ole i 1858 og gifte seg i Dane Co., Wis. 1.12.1862 med Kari Ellingsdotter, opphavleg frå Bell i Aurland, i Amerika truleg kjend som Carrie Bell. Ho var dotter av Elling Olson på Bell og Kari Rognaldsdotter frå Loven i Aurland og f. der 5.6.1827. Carrie utvandra til Amerika i 1857. Christen og Carrie farma visstnok ei tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Dunn township, Dane Co., Wis. der Christen d. 2.1.1886. Carrie Bergum d. i Dane Co., Wis. ##### (exact date of her death?) 1893. Dei fekk ikkje born i lag, men Carrie hadde ei dotter frå før: a. Anna Simonsdotter, kjend som Annie Sampson, dotter Kari og Simon Olson frå Hjellum i Aurland, var f. i Aurland 1.6.1856, men utvandra til Amerika med mori i 1857 og d. i Chicago, Ill. 5.11.1918. Ho gifte seg ##### (date and place of her marriage? – Chicago, IL about 1881?) med Knut ##### (norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som Knut S. Brown. Han var son av ##### (foreldri med fulle namn, yrke, bustad og opphav? – mori heitte Gjertrud!!) og f. ##### (fødestaden hans? – sjekka fødselsdatoen?) 23.4.1846. Han utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) og d. i Chicago, Ill. 23.11.1922. Knut Brown var snikkar («carpenter»), og han og Annie budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Eg trur det kan ha vore TO ULIKE Knut Browns i Chicago på same tid, fødde same året - ein Knut A. Brown og denne som var Knut S. Brown...
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive