Etter at opphavet til artillerisersjant Peder Carlsen i Bergen no er kartlagd: https://forum.arkivverket.no/topic/225572-carl-peter-carlson-kaprud-artillerisersjant-på-1820-talet-var-han-gift-i-christiania-i-1815-var-han-frå-våler-i-hedmark-kven-var-kona-hans/
vil eg leggja ut som eige tema huslyden til einaste sonen hans som budde i Bergen då faren døydde i 1869. Denne sonen, Carl Peter Carlsen, var gift med ei jente frå Rønnei i Luster, og eg manglar fleire detaljar kring denne huslyden, som eg står fast på...
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!
Her er dåpen til sonen Martinus i Bodø 29.5.1853: https://media.digitalarkivet.no/view/2528/40
Her er dåpen til dotteri Anna Augusta Emilie i Lurøy 22.10.1854: https://media.digitalarkivet.no/view/2593/103
Her er dødsmeldingi etter Carl Peter Carlsen i Bergen 1884 som syner at berre enkja og eitt barn levde att etter han: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/128
Her er Abraham Ekenæs med huslyd i Haugesund i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036618010843
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!