Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'chicago il'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ei nøtt som eg har slite med lenge og som eg so gjerne skulle ha løyst i samband med siste bandet av Gards- og Ættedoga for Luster. Kan nokon komma med gode tips? Nils Thomasson Urness alias Nels Thompson, fødd i Hafslo 1.8.1842, utvandra i 1862 og gifte seg i Vernon Co., WI 6.12.1870 med Anna Andersdotter frå Prestegarden i Heidal, Vågå, fødd i Vågå 16.8.1854. utvandra i 1868. Dette parfolket busette seg etter kvar på ein farm i Aastad township, Otter tail Co., MN der Nels døydde 31.8.1914, medan Anna Thompson 31.10.1914. Dei fekk tolv born i lag, og «problembarnet» er denne dotteri: Christine Elizabeth, kjend som Elizabeth C. Thompson, fødd i Otter tail Co., MN 19.4.1891. Ho flytte i ung alder, eg veit ikkje nøyaktig kva tid, til Chicago, IL og arbeidde som hatteteiknar «hat designer» hjå firmaet «Marshall Fields» i Chicago, IL. Ho gifte seg, men mannens namn er ukjent, og etter at han «had been fooling around» kom det til skilsmål, truleg ein gong på 1920-talet, og Elizabeth gifte seg att i Chicago, IL 3.11.1930 med enkjemannen Peter Walter Dahlquist, fødd i Bjuråker i Sverige 10.12.,1879. Name: Elizabeth C Thompson Marriage Date: 3 Nov 1930 Spouse: Peter W Dahlquist Marriage Location: Cook County, IL Marriage license: {1B99C853-738D-4D73-97B3-E8B71FFCDFAE} File Number: 1295818 Archive Collection Name: Cook County Genealogy Records (Marriages) Archive repository location: Chicago, IL Archive repository name: Cook County Clerk Han var bygningsingeniør i Chicago, IL, men i 1947 flytte Peter og Elizabeth som pensjonistar til Fergus Falls, Otter tail Co., MN der Peter døydde 10.2.1951. Elizabeth Dahlquist døydde i Alexandria, MN 27.10.1971. Ho var barnlaus! Utfordringi her er: * Let det seg gjera å identifisera første mannen til Elizabeth Thompson i Chicago, IL?? Om ho var gift før foreldri døydde i 1914, veit eg ikkje, men då kunne jo eventuelle obituaries hjelpa oss? Eller kanskje finst det andre vis å finna ut av dette på? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.