John Johnson (1799-1882) og Britha Hansdotter (1821-1884) var husmannsfolk i Fossøyane under Fossen i Jostedalen. Dei fekk i alt åtte born, to søner døydde i barndomen, to døtrer vart gifte og budde i Jostedalen. Dei fire siste utvandra til Amerika:
* Britha «Bertha» Johnson (1846-1907) utvandra med mannen Andrew Njos i 1866 og budde i Adams township, Mower Co., MN
* Hans Johnson (1851-1877) utvandra ugift i 1873 til Adams township, Mower Co., MN der han d. ugift etter kort tid
* Ole Johnson Fossen (1860-1938), utvandra i 1880 til Chickasaw Co., IA og sidan til Paris township, Howard Co., IA
* Ingeborg «Belle» Johnson Fossen, fødd i Jostedalen 7.2.1864, utvandra i 1884 med ukjend lagnad.
Rimelegvis reiste Ingeborg (i Jostedalen vart dette namnet utan unntak uttala «Bølla») anten til søsteri Bertha i Mower Co., MN eller til broren Ole i Chickasaw Co., IA, men er det mogeleg å finna ho att på ein av desse stadane?
Eg vonar det beste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!