Eg har i dag «snubla» over ein huslyd som i 1870 farma i Freeman township, Crawford Co., WI, i eit nabolag med emigrantar frå Luster, Innvik og Gol, men her står eg «bom fast»!
Eg finn ingen av dei i Wisconsin fødde borni som døypte i West Prairie, WI der dei «normalt» skulle vera. Ein Ole Christianson med kone Mari eller Kari Nilsdotter har rett nok fleire born på denne tidi, men namni stemmer ikkje med borni nemnde for denne huslyden i FT1870:
Dwelling #33: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P2G
Christiansen, Ole 39 farmer Nor
Christiansen, Dera 33 keeping house Nor
Christiansen, Frank 8 at school Nor
Christiansen, Betsy 6 at school Nor
Christiansen, Andrew 4 – WI
Christiansen, Olena 2 – WI
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!