Torsten Aamundson, tenar på Dagsgaard, 26 år og
Thorø Torstensdotter, innerst i Dalen, 28 år, gifte seg i Skjåk 28.12.1820: https://media.digitalarkivet.no/view/9244/123
Dei busette seg sidan som husmannsfolk på Brujordet under Bræk i Skjåk.
Eg reknar med at dette er Torsten Aamundson i 1801 - «frilleson» på Bøye: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251002238
Men Thorø Torstensdotter fødd på 1790-talet kan eg ikkje sjå noko til i Skjåk i 1801.
Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg finna ut kva gardar/plassar desse to voks opp på?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!