Henrik Pederson var fødd i Luster i 1835, men utvandra i 1866 og vart farmar i Freeman township, Crawford Co., WI. Kona hans Maren Sørensdotter, som òg var frå Luster, hadde to søner etter første mann sin, som fall i borgarkrigen. Båe desse sønene vart gifte og budde i Wisconsin, og etterkomarar etter desse er det som har fortalt meg det eg veit om dei to halvbrørne.
Her er manuskriptet mitt for denne huslyden pr. dags dato:
~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande oppdagingar innanfor denne huslyden, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!
Dei to halvbrørne til desse gutane var:
* Severin «Samuel» Hatland, som døydde i Crawford Co., WI 19.2.1941
* John «Joe» Hatland, som døydde i Crawford Co., WI 11.1.1923
Kanskje kan liktalene (obituaries) finnast for desse samt for mor deira
* Mary Peterson, som døydde i Crawford Co., WI 1.10.1920
vera gode kjelder når det gjeld lagnadane til dei to halvbrørne???
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!