Eg har fleire gongar vore borti tilfelle av at kyrkjelege handlingar som var registrerte i dei gamle fellesbasane for fødde, vigde og avlidne i Bergen ikkje er å finna under den funksjonen i det nye digitalarkivet som heiter «avansert personsøk».
Her er berre eit døme som eg nettopp vart merksam på:
Følgjande vigsle finst i den gamle databasen for vigde i Bergen frå 1816 og utover:
Reg. #272: Knud Wichers Uk skriverkarl 22 5 mnd. med Oline Georgine Rosenberg Jfr. 21 6 mnd. vigde DK 20.11.1820
Kvifor finn eg ikkje denne vigsli under «avansert personsøk»?
Dette er berre eitt døme... Er det mogeleg å få attende dei nemnde fellesbasane i Digitalarkivet?
Eg saknar ogso dei gamle databasane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Me har no ikkje noko å hjelpa oss med når me leiter etter t.d. fødsler, vigsler og dødsfall i Sogndal og andre kommunar i «nordfylket». Forskingi er vorti mykje meir arbeidskrevjande enn før!
Eg takkar so mykje på førehand for oppklaring!