Dette emnet handlar om ein slektning av meg som utvandra til Amerika i 1879. Eg jobba ganske hardt med å spora dei opp då eg var i Amerika i 1982, men eg greidde aldri å få kontakt med dei. Eg skreiv fleire gongar til Delbert Depew i Alameda, CA, men fekk ikkje noko svar...
Det har særleg vore ei utfordring å finna ut av dei to siste ektemakane til Nettie Dove. Paul Schielke adopterte tydeleg dei to eldste sønene hennar, men må vera avliden før 1920, for Nettie vart kalla enkje då ho gifte seg tredje gongen same året (eg fann ikkje dette biletet på FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/61578/images/48279_555219-00063?treeid=&personid=&hintid=&queryId=8b83fce9005536645b0f468a38c364b2&usePUB=true&_phsrc=Nzx24346&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.218081938.580035780.1615160515-390650824.1612707015&pId=46992
Sonen Marvin Schielke er òg ei skikkeleg utfordring. Han var gift, men einaste kjelda som nemner kona hans, er FT1940 for Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-5JLB
Og sonen Delbert W. Depew er ei anna utfordring!
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #10 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!