Eg syner til denne vigsli som fann stad i Vancouver, Clark Co., WA 10.4.1939: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-996P-DH74
Brudgomen James Garfield CHAPIN var fødd i Grand Forks Co., ND 30.3.1882 og døydde i Portland, OR 13.10.1942. Han hadde før vore gift med Ingeborg «Belle» Iverson (1884-1922) som hadde foreldri sine frå Luster i Sogn.
Bruri Myrtle E. DUNDON, f. LEE var fødd i Nebraska ??.11.1884 og var ein del av denne huslyden som me finn i King Co., WA i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6XM7-4G5
Huslyden til James Garfield Chapin dukkar opp i fleire ancestry family trees, mellom anna her der andre kona vert kalla «Mrs. MURRAY», utan at eg finn noki forklaring: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/78744878/person/46393281245/facts
Det er likevel «påfallande» at han sat enkjemann i 17 år før han gifte seg att..., so kanskje var han gift TRE gongar?
Eg slit med følgjande utfordringar:
* Fullt namn til andre(?) kona Myrtle E, f. Lee - kven var første mann hennar?
* Dato og stad for fødsli hennar Myrtle?
* Dato og stad for dødsfallet hennar Myrtle?
* Kvar budde James Garfield og Myrtle Chapin i 1940?
* Kven var Mrs. Murray?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!