Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'eikjaberg'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
    • Spørsmål om transkribering i Transkribus
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ei oppfølgjing av tema #38331 frå det gamle brukarforum, som den gongen ikkje gav noko resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/123832-38331-agatha-1721-og-britha-1726-bendiksdøtrer-eikeberg-frå-hafslo-kvar-fór-dei/?tab=comments#comment-1010805 Manuskriptet mitt for denne huslyden er stort sett uendra sidan 2006 og ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Bendik Knutson Eikeberg, bror av føregåande brukar og likeins frå Kinserdalen, var f. kring 1685 og d. truleg som legdelem i Øverli kring 1750. Bendik tok over som leiglending på Eikjaberg etter bror sin kring 1710 og vart sjølv buande på garden til kring 1733. I 1745 er Bendik nemnd som busett i Øverli. Han var gift, og truleg heitte ogso kona hans Britha; ho levde framleis i 1733, men diverre veit me førebels ikkje noko meir om ho. Me kjenner til fem born etter dette parfolket: 1. Kari Bendiksdotter (1716-1785), vart gift med gardbrukar Lars Lasseson på Nagløyri i Sogndal (1710-1784), som ei tid var husmann på Hilleren under ytre Eikjo i Hafslo (s.d.). 2. Knut Bendikson (1719-1792), var ei tid husmann på ein plass i Kinserdalen under Urnes (s.d.). 3. Agatha Bendiksdotter, døypt 19.9.1721, Agatha Bendiksdotter flytte ##### (lagnaden hennar?) 4. Ole Bendikson (1724-1796), hamna som leiglending på Flahammar i Luster (s.d.). 5. Britha Bendiksdotter, døypt 22.9.1726, Britha Bendiksdotter flytte ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~ Alle desse borni flytte frå Hafslo, Kari til Sogndal, Knut til Lærdal og Ole til Sogndal og sidan til Luster. Men kvar vart det av Agatha og Britha? No har eg reint tilfeldig oppdaga at ei Agatha Bendiksdotter, 44 år gamal, vart gravlagd frå Stølen i Krosskyrkjesokni i Bergen 10.7.1762: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000513855 Denne Agatha var truleg gift med garnisonssoldat Anders Jørgenson, og dei fekk i alle fall desse borni: * Anna, døypt i Krosskyrkja i Bergen 19.3.1747: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006206369 * Judithe, døypt i Krosskyrkja i Bergen 10.11.1751: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005864515 Ifølgje FamilySearch skal Anders Jørgenson og Agatha Bendiksdotter vera vigde i Askvoll 30.9.1742, men eg finn ikkje denne vigsli i kyrkjeboki! FamilySearch syner òg at ei Agatha Bendiksdotter gifte seg Gulen 24.10.1739 med ein Lasse Olson, men heller ikkje denne vigsli greier eg å finna...! Namnekombinasjonen Agatha Bendiksdotter synest vera svært uvanleg, i alle fall på Vestlandet, so kanskje er ei av desse jentene gifte i Gulen eller Askvoll ho som me leiter etter? Rett nok finn me ifølgje FamilySearch desse dåpshandlingane i Askvoll og Gulen: * Agatha Bendiksdotter, døypt i Askvoll 17.3.1709 som dotter av Bendik Jacobson Færøen og Anna Mikkelsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8589/77 * Agatha Bendiksdotter, døypt i Guddal, Gulen 9.7.1707 som dotter av Bendik Aslakson Strandofren(?): https://media.digitalarkivet.no/view/11435/55 Uansett so er båe desse jentene altfor gamle til å vera ho som døydde i Bergen i 1762...(?) Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til løysing av desse utfordringane!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.