Ei gamal, men like vonlaus utfordring frå Kroken i Hafslo:
Dette skiftet frå 20.5.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/140
syner at husmannskona Christi Larsdotter då var avlidi og let etter seg:
* Knut Halvorson, enkjemann
* Halvor Knutson, son
* Lars Knutson, son
* Guri Knutsdotter, dotter
Kyrkjebøker og tingbøker syner at:
* Halvor Knutson var fødd på Sørheim i Luster ?.12.1723
* Lars Knutson vart døypt frå Kroken i Hafslo 16.8.1733
* Guri Knutsdotter vart døypt frå Kroken i Hafslo 8.12.1737
Som enkjemann flytte Knut Halvorson til plassen Lunden under Rønnei der han gifte seg att, men han døydde i 1753.
Både Knut og Christi kom frå «bondestand», og dei hadde mange søsken, men dei budde alle i Luster eller Hafslo - difor finn eg det høgst «besynderleg» at eg ikkje kan finna spor etter dei tre borni deira nokon stad!?
Ingen av dei vart konfirmerte i Luster og heller ikkje i Hafslo (lister frå 1755), so kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Kanskje hamna ein eller fleire av dei i Bergen? Knut hadde ei stedotter som gifte seg i Luster, men som sist på 1760-talet flytte med mann og fleire born til Bergen...
Eg ville vorte svært so glad om nokon greier komma på spor etter denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!