I dette emnet vil eg gjerne ta til med følgjande:
* Borgarskap i Bergen 1627: Henrich Eilers frå Delmenhorst: https://www.digitalarkivet.no/nn/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=Henrik&lastname=Eilers&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=
Kanskje er dette same mann som dukkar opp:
* Koppskatten i Bergen 1645: Henrich Eillertsen: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/112/pt00000000038288
* Formuestaksering Bergen 1657: Hendrich Ellertsen Weffuers: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/257/pc00000001158543
Kanskje er dette ein son hans Henrik: Jan Elers Weffuer, fadder 1686: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/255/pd00000005740553
og likeins denne: Jon Henrichsen Weffuer, fadder 1674: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/255/pd00000005925539
og denne: Jan Ellersøn Wefuer, fadder 1690: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/255/pd00000005929544
Henrik Eilers fekk i ekteskapet med jenta frå Fuhr ei dotter, Susanna fødd kring 1640. Ho voks opp i Luster og vart gift med gardbrukar Peder Monsson på Eide.
På ein av nabogardane til Eide, Hauge i Luster, budde gardbrukar Hermund Erikson. Han vart enkjemann i 1640-åri og gifte seg att med Anna Andersdotter frå Fuhr. Denne jenta hadde vore gift og budde i Bergen, men laut rømma frå mann sin, og etter løyve frå sjølvaste Kong Christian IV fekk ho løyve til skilsmål for å gifta seg att med Hermund Erikson! Skilsmål var ikkje særleg vanleg på den tidi, og det faktum at Susanna Eilers voks opp i Luster, talar sterkt for at det var Anna som hadde vore gift i Bergen med Henrik Eilers!
So er spørsmåli:
* Finst det tilgjengelege kjelder som kan stadfesta dette skilsmålet?
* Finst det rettsdokument eller andre kjelder i Bergen som kan bidra med biografiske opplysningar om Henrik Eilers?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!