Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'endre tittel'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Kan arkivverket vera vennleg å endre overskrifta i eit emne? Det gjeld denne tråden, saka er LØYST: Brukernes eget forum Arkivverket Osel Severin Olsen Dahl, f.1886 i Barbu, Arendal, d. 1944 i mineeksplosjon, då b. Os, Hordaland. Død kvar? Korleis? Av Terje Hatvik, April 13, 2019 i Brukernes eget forum os mine 1944 Svar i emnet Terje Hatvik #1 Skrevet April 13, 2019 I mi nitide leiting etter folk frå Os (osingar) som omkom av krigsrelaterte hendingar og/eller under krigstilknytte omstende i åra 1939 - 1945 kom eg over ein kar som synte seg å vera ei nøtt for meg. Men kanskje ein eller ei her kan hjelpa meg no når eg står fast? Dette gjeld følgjande kar: Gift mann Osel Severin Olsen Dahl, f. 13. september 1886 i Barbu, Arendal, Aust-Agder, son av arbeider Wilhelm Olsen Dahl; d. den 6. november 1944 i ein mineeksplosjon. Då var han busett på Moberg (Osøyri) i Os, Hordaland; men blei gravlagt i Bergen. Men kvar fann no denne mineulykka/ eksplosjonen stad? Truleg i Hordaland ein stad, javel - men kvar? Og korleis?? Døde i Os 1885 - 1973: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=OS1885 FT 1900 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012909 FT 1910 for Stavanger: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036615019669 Borgerlig vigsel i Bergen i 1923 (ikkje 1922): https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001491586 Osel Severin Dahl var løsarbeidar og sjømann. Og for ordens skuld: Han er ikkje nemnt i storverket "Våre Falne", Centraltrykkeriet, Oslo, 1949 - 1951. Endret April 14, 2019 av Terje Hatvik Språkrensk og presisering Siter Egil Johannessen #2 Skrevet April 13, 2019 Landminefelt.... https://www.nb.no/search?q="osel"&mediatype=aviser&fromDate=19441101&toDate=19441130&counties=Hordaland 1 × Siter Terje Hatvik #3 Skrevet April 13, 2019 Formidabelt Egil. - Heilt suverent! Her får vi svart på kvitt enno ein gong eit bevis på at det (dessverre) er ein del hól og manglar i det elles flotte oppslagsverket "Våre Falne". Ei ny brikke i det store puslespelet er på plass. Mange takk 🙂 1 Siter Terje Hatvik #4 Skrevet April 15, 2019 Men kor hen reint konkret i Bergen- og omegn var no dette landminefeltet som Osel Severin Dahl omkom i den 6. november 1944? (- Det fann eg ikkje ut av ut frå Egil sin lenke). Låg då minefeltet t.d. rundt ein fangeleir som Espeland i Arna eller Ulven i Os? Eller kan hende rundt ein tysk militær installasjon som eit kystfort, ei luftvernstilling, eit kanonbatteri, ein ubåtbase eller liknande?? Endret April 16, 2019 av Terje Hatvik Siter Jostein Stokke #5 Skrevet April 15, 2019 Landminer (i Norge) var ikkje noko ein skreiv om i Bergens Tidende under krigen. Nokre få tilfelle finn ein i BT sine arkiv - det meste handlar om Russland. Endret April 16, 2019 av Jostein Stokke 1 × Siter Terje Hatvik #6 Skrevet Mai 7, 2019 Her er den borgarlege vigslen til (Osel) Severin Dahl, den 24. november 1923 i Bergen. Då er han anleggsarbeidar og fengselsfugl: https://media.digitalarkivet.no/view/37633/61?indexing= Kona Kristofa Margrethe Olsen, f. 17. februar 1884 i Bergen, er kokke av yrke. (Osel) Severin Dahl var som ein ser født 13. september 1886 i Barbu, Arendal. Endret Mai 7, 2019 av Terje Hatvik Siter Terje Hatvik #7 Skrevet Mai 27, 2019 I følgje ei nærverande og nolevande kjelde - vedkomande var 13-14 år gml. hausten 1944, så skjedde denne tragiske mineulykka ikkje så langt frå Osøyro (Osøren), i eit minefelt som då omkransa ein tysk kanonstilling (dvs. eit luftvernbatteri, antiluftskyts). Så då veit vi dét. 🙂 Endret Mai 28, 2019 av Terje Hatvik 1 Siter Terje Hatvik #8 Skrevet Mai 2 Ei lita oppdatering her: Dette minefeltet i Os som løsarbeider (Osel) Severin Dahl omkom i den 6. november 1944, låg i utmarka til Haugegardane i Os, oppom bygdesenteret Osøyro og Solstrand Fjord Hotel. I følgje ei nolevande kjelde her i Os så hadde ekteparet Dahl hund, og då dei gjekk tur med hunden sin så sprang denne inn i minefeltet. Dahl prøvde då å redda den firbeinte, men både han og hunden omkom. Saka er løyst og eg takkar alle for god hjelp 🙂 Endret Mai 2 av Terje Hatvik 1 Siter Frank Marton Pedersen -------------------------‐‐---------- På førehand mange takk!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.