I 2006 fekk eg i følgjande emne https://forum.arkivverket.no/topic/112207-26572-søren-jens-engeslef-mari-jensd-engeslef-til-hafslo-kring-1690-kvarifrå/?tab=comments#comment-916902
dette innlegget frå Ole Kristian Fangan:
«Jeg er i ferd med å skrive en artikkel om Theistene fra Kroken som jeg håper Norsk Slektshistorisk Tidsskrift i sin tur vil trykke. Jeg vil her også presentere en del opplysninger om familien Engeslef som antakelig vil være nye for de fleste.»
Er det nokon som kjenner til om denne artikkelen nokon gong vart publisert og i so fall kvar?
I samband med bygdeboikarbeidet i Luster er eg svært interessert i båe slekter.
Med omsyn til Engeslef-søskeni, veit me i dag dette:
* Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668, døydde i Kroken i Hafslo kring 1730. Ho var gift med gardbrukar Peder Janson Teiste på Kroken i Hafslo (1667-1722). Dei fekk ni born i lag, og fleire av dei flytte til Danmark.
* Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1670, døydde i København kring 1710. Han gifte seg med Øllegaard Jansdotter Teiste frå Kroken i Hafslo (1674-1730). Dei flytte til København der Søren var distillatør. Dei fekk fem born i lag.
Desse huslydane har vore drøfta før, men aldri har me gått detaljert inn på opphavet til desse Engeslef-søskeni.
No vonar eg at forskingi til Ole Kristian Fangan eller andre kan kasta meir ljos over denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!