Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'gatevektar'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Ivar Moe har i dag gjort med merksam på denne karen som i 1748 tok borgarskap i Bergen som gatevektar: 1748 24okt Eg har identifisert Asbjørn som fødd på Åberge i Luster kring 1710. Han gifte seg første gongen i Luster i 1739 og var ei tid husmann på plassen Lunden under Rønnei i Luster, men flytte kring 1747 til Bergen, for sidan å hamna på Askøy(?)... Eg jobba ein del med denne huslyden alt kring 1990, men fann aldri heilt ut av dei. Dødsfalli til Asbjørn og båe konene hans manglar, og opphavet til andre kona hans er likeins ukjent. Kanskje me treng ekspertise på Askøy for å komma lenger her? Eg står i alle fall ganske so «bom fast»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Asbjørn Torbjørnson Lunden, frå Åberge, var f. kring 1710 og gifte seg 12.11.1739 med Britha Bjørnsdotter frå Sandvikøyri under Prestegard, f. kring 1713. Asbjørn og Britha fekk visstnok ta over denne plassen i Lunden etter Nils i 1741 og vart buande her som husmannsfolk fram til kring 1747. Men sist i 1740-åri flytte Asbjørn og Britha Torbjørnsen til Bergen, og 24.10.1748 tok Asbjørn borgarskap i Bergen som gatevektar. Dei budde først på Nordnes, men dei ser ut til å ha flytt ein del ikring. Britha d. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? - 1770-åri?) og 16.6.1776 gifte Asbjørn seg att på Askøy med enkja Anna Olsdotter frå ##### (opphavet hennar? - kalla Strømsnes 1776!) ##### (seinare lagnad til dette parfolket? - Asbjørn bus. Hop på Askøy 1776!) ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?) Me kjenner til fire born etter Asbjørn, alle frå første ekteskapet: ##### (kan dei ha hatt fleire born?) a. Kari, kjend som Karen Asbjørnsen, døypt i Luster 8.6.1739, flytte med foreldri til Bergen kring 1747 ##### (nemnd som faddar i Bergen 1776 - ?n. 1801 ugift i Sandviksveien - handarbeidar - lagnad?) b. Christopher Asbjørnsen, døypt i Luster 2.9.1742, flytte òg med foreldri sine til Bergen kring 1747 og gifte seg der 30.7.1775 med Anna Berentsdotter frå ##### (opphavet hennar? - fødd kring 1744!?) Christopher Asbjørnsen var dikselmann i Bergen, og han og Anna budde ei tid på Korskirkealmenningen, men flytte sidan til Trappesmuget, og derifrå vart Christopher gravlagd 7.5.1795. Anna d. ##### (budde 1801 som enkje i Søndre Fjeldsmug i Bergen - seinare lagnad? - dødsfallet hennar?) Christopher og Anna fekk seks born i lag. c. Bjørn Asbjørnsen, døypt i Hafslo 5.9.1745, flytte sikkert òg til Bergen i lag med foreldri sine kring 1747, men ##### (lagnaden hans?) d. Bertha Sirene Asbjørnsen, døypt i Bergen 15.7.1750, ##### (faddar i Bergen 1783 - dødsfallet hennar? - d. almisselem i NK, Bergen 5.10.1830?) Ho gifte seg på Askøy 20.7.1788 med Jens Larsson frå ##### (Leikanger 1741?) Han d. som fattigfut på Håtuft i Hamre 16.2.1810, ##### (budde på Ravnanger på Askøy 1788 - 1801: fattig fogd i 16-65 Bergen - 1804 kalla staader fogd i Nykyrkja! - kalla fattigfogd 1810) ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Martha Karine, f. DK, Bergen 7.2.1793 - n. 1801 Martha Cathrine Rasmusen! * Rasmus, f. 1798 - n. 1801 Rasmus Rasmusen Larsen!) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for kartleggjing av denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.