Dette er ei utfordring som eg har jobba med i mange år, men so langt utan resultat. Kan nokon please hjelpa meg?
Eg refererer frå manuskriptet mitt:
Ingebrigt, kjend som Ingebrigt Andreas Gjevlesen, f. i Bergen 6.8.1775, d. som ølbryggjar i Bergen 25.6.1836. Han gifte seg i Bergen 23.11.1800 med Anna Marie Olsdotter frå Bergen, men f. på Uddal i Vanse (Lista) 4.5.1778. Ho d.
¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)
Ingebrigt var ei tid seglmakarsvein og sidan jekteskipper, men livnærte seg siste åri som ølbryggjar. Han og Anna budde i Sandviken i Bergen og fekk åtte born i lag.
Er det mogeleg å finna dødsfallet til denne jenta?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!