Eg syner til denne innførsli i FT1925 for Adams Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9XG-8JF7
Her finn me på linje #68: Rachel Grady, 48 år gamal, fødd i Noreg og gift med John Grady.
På neste side: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9XG-8J6J
les me at foreldri hennar var Andrew Retland (83) og Ragnhild Hetland (76)
Frå andre kjelder finn me at Rachel var fødd i Noreg 2.11.1876, og ho skal ha utvandra med foreldri sine i 1883. Ho gifte seg første gongen i Carbon, IA 2.8.1900 med enkjemannen Lars G. Osheim (1865-1910).
Rachel Grady døydde 11.7.1976, nær 100 år gamal: https://www.findagrave.com/memorial/93979939/rachel-grady
Kan nokon hjelpa meg identifisera denne Rachel og fortelja meg:
** Fullt norsk namn?
** Fulle namn på foreldri hennar med yrke og opphav til båe?
** Stadfesting av utvandringsåret hennar 1883?
** Dødsstaden hennar?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!