Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'guro toresdatte'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er eit nytt forsøk på å få svar på eit spørsmål eg har stilt meg. Kan to ulike personar vere den same? Svaret må vere nei, men av og til stiller ein seg det spørsmålet. Her er eit slikt tilfelle: Det gjeld to blad Bjørn frå Strand i Ryfylke. I bygdebok for Strand bind 3, side 1231 er det notert at ein Bjørn Knutson var leiglending der frå 1626 og utover til ca. 1650. Han var gift med ei Guri Toresdatter frå Søre Tysdal i Årdal. Bjørn var fødd ca. 1596, og kona Guri ca. 1600. Dei gifte seg rundt 1620. Ikring 1650 overlet Bjørn og Guri bruket på Idsal til sonen Tore og flytte til Jøssang, der dei budde til Guri døde i 1676. Då flytte Bjørn til Søre Tysdal der han døde rundt 1690. I same bygdebok, bind 1, side 459 er det fortalt om ein annan Bjørn Knutson f. ca. 1595 frå Øvre Bjørheim i Strand, son til den rike godseigaren Knut Bjørnson Bjørheim. Denne Bjørn gifte seg rundt 1635 med Borghild Henriksdatter Våga frå Vikedal. Dei budde fyrst på Erøy i Erfjord og sidan på Våga i Vikedal. Så langt er alt greitt. Men når det om Guro Toresdatter Idsal, fødd ca. 1655, dotterdotter til Bjørn Knutson Idsal/Jøssang, står at ho gifte seg rundt 1684 med kongebrev med Bjørn Bjørnson Dirdal, fødd Mele, då oppstår det eit problem. Det står i bygdeboka for Strand 3, side 1231 at "dei måtte ha kongebrev då dei gifta seg, for dei var i slekt i andre og tredje ledd". Held vi dette saman med Forsandboka bind 3, side 179, står det der at Bjørn Bjørnson (Mele) Dirdal vart gift andre gong i 1684 ved kongeleg bevilling med Guro Toresdatter (Issal) i Strand, dotter til Tore Bjørnson (Jøssang) Issal og..... "Bjørn og Guri var skylde i 2. og 3. leden. Farfar til Guri, Bjørn Knutson Jøssang, var bror til Bjørn Dirdal si mor, Sissel Bjørnsdatter Mele". For det fyrste heitte ikkje andre kona til Bjørn Gunnarson Mele, Sissel Bjørnsdatter, men Sissel Knutsdatter. Og her kjem det som er problemet. Sissel er nemleg dotter til Knut Bjørnson Øvre Bjørheim og Udbjørg Tormodsdatter f. Foss i Hjelmeland. Sissel Knutsdatter hadde ein bror, Bjørn Knutson Bjørheim, f. 1595, men ingen bror, Bjørn Knutson Jøssang. Her oppstår problemet. Vi står overfor to Bjørn Knutson som sjølv om dei er gifte med forskjellige kvinner og bur på to forskjellige stader i Ryfylke, likevel er same personen. Vi kunne kanskje tenkje oss at den Bjørn det er snakk om var gift to gonger, fyrst med Guro Toresdatter Søre Tysdal i 1620, og dernest med Borghild Henriksdatter Våga i 1635, men ifølgje opplysningane om Guro, så hadde ho born fødde godt etter 1635. Ein annan ting er at Guro døde i 1676 og Borghild i 1679. No står det i Strandboka at det var skifte etter Guro Toresdatter på Jøssang i 1676, og det kan kanskje gje meir opplysningar. Men det har eg ikkje funne. Kyrkjebøkene for Strand går berre attende til 1744. Kan det tenkjast at denne skyldskapen mellom Guro Toresdatter Idsal og Bjørn Bjørnson Dirdal går via andre personar, kanskje på morssida til Bjørn og Guro? Så då veit eg ikkje kvar eg skal finne fleire kjelder. Mykje truleg er det andre som har støytt på same problemet før, og det finst kanskje ordskifte om dette frå tidlegare. I så tilfelle hadde det vore greitt å få informasjon om det. Kanskje nokon veit om det er slik eller kanskje nokon har opplysningar som kan løyse gåta. Eg er takksam for svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.