Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'strand'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 4 results

  1. Eg har i kveld etter over 30 års leiting endeleg greidd å finna lagnaden til John A. Neus (far frå Leikanger, mor frå Jostedalen), d.v.s. eg har finne dødsfallet hans, men har framleis vanskar med å finna stort meir. Kona Kirsti «Christine» kom frå Gran på Hadeland, men oppphavet hennar der finn eg ikkje heilt ut av. Kanskje finst det eksperthjelp å få frå Hadeland? Eg finn heller ikkje vigsli deira og fleire detaljar om kvar dei budde mellom 1910 og 1920!? Slik ser det ferske oppdaterte manuskriptet no ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet oppdatert i innlegg #7 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Hei, Er på jakt etter en dødsannonse torsdag 21.09.1933, som gjelder en som er født Strand. Følgende info : stille idag. Oslo og Arendal 19/9 33. På familiens og egne vegne Lovise Andersen født Strand Emilie Strand. Begravelsen foregår i Oslo lørdag 23 ds. For „Vestlandske Tidende" ved 0. H. ilalkolm. Onl Hvem er den døde ??? Med Vennlig hilse Vigdis Strand Dirdal
  3. Dette er eit nytt forsøk på å få svar på eit spørsmål eg har stilt meg. Kan to ulike personar vere den same? Svaret må vere nei, men av og til stiller ein seg det spørsmålet. Her er eit slikt tilfelle: Det gjeld to blad Bjørn frå Strand i Ryfylke. I bygdebok for Strand bind 3, side 1231 er det notert at ein Bjørn Knutson var leiglending der frå 1626 og utover til ca. 1650. Han var gift med ei Guri Toresdatter frå Søre Tysdal i Årdal. Bjørn var fødd ca. 1596, og kona Guri ca. 1600. Dei gifte seg rundt 1620. Ikring 1650 overlet Bjørn og Guri bruket på Idsal til sonen Tore og flytte til Jøssang, der dei budde til Guri døde i 1676. Då flytte Bjørn til Søre Tysdal der han døde rundt 1690. I same bygdebok, bind 1, side 459 er det fortalt om ein annan Bjørn Knutson f. ca. 1595 frå Øvre Bjørheim i Strand, son til den rike godseigaren Knut Bjørnson Bjørheim. Denne Bjørn gifte seg rundt 1635 med Borghild Henriksdatter Våga frå Vikedal. Dei budde fyrst på Erøy i Erfjord og sidan på Våga i Vikedal. Så langt er alt greitt. Men når det om Guro Toresdatter Idsal, fødd ca. 1655, dotterdotter til Bjørn Knutson Idsal/Jøssang, står at ho gifte seg rundt 1684 med kongebrev med Bjørn Bjørnson Dirdal, fødd Mele, då oppstår det eit problem. Det står i bygdeboka for Strand 3, side 1231 at "dei måtte ha kongebrev då dei gifta seg, for dei var i slekt i andre og tredje ledd". Held vi dette saman med Forsandboka bind 3, side 179, står det der at Bjørn Bjørnson (Mele) Dirdal vart gift andre gong i 1684 ved kongeleg bevilling med Guro Toresdatter (Issal) i Strand, dotter til Tore Bjørnson (Jøssang) Issal og..... "Bjørn og Guri var skylde i 2. og 3. leden. Farfar til Guri, Bjørn Knutson Jøssang, var bror til Bjørn Dirdal si mor, Sissel Bjørnsdatter Mele". For det fyrste heitte ikkje andre kona til Bjørn Gunnarson Mele, Sissel Bjørnsdatter, men Sissel Knutsdatter. Og her kjem det som er problemet. Sissel er nemleg dotter til Knut Bjørnson Øvre Bjørheim og Udbjørg Tormodsdatter f. Foss i Hjelmeland. Sissel Knutsdatter hadde ein bror, Bjørn Knutson Bjørheim, f. 1595, men ingen bror, Bjørn Knutson Jøssang. Her oppstår problemet. Vi står overfor to Bjørn Knutson som sjølv om dei er gifte med forskjellige kvinner og bur på to forskjellige stader i Ryfylke, likevel er same personen. Vi kunne kanskje tenkje oss at den Bjørn det er snakk om var gift to gonger, fyrst med Guro Toresdatter Søre Tysdal i 1620, og dernest med Borghild Henriksdatter Våga i 1635, men ifølgje opplysningane om Guro, så hadde ho born fødde godt etter 1635. Ein annan ting er at Guro døde i 1676 og Borghild i 1679. No står det i Strandboka at det var skifte etter Guro Toresdatter på Jøssang i 1676, og det kan kanskje gje meir opplysningar. Men det har eg ikkje funne. Kyrkjebøkene for Strand går berre attende til 1744. Kan det tenkjast at denne skyldskapen mellom Guro Toresdatter Idsal og Bjørn Bjørnson Dirdal går via andre personar, kanskje på morssida til Bjørn og Guro? Så då veit eg ikkje kvar eg skal finne fleire kjelder. Mykje truleg er det andre som har støytt på same problemet før, og det finst kanskje ordskifte om dette frå tidlegare. I så tilfelle hadde det vore greitt å få informasjon om det. Kanskje nokon veit om det er slik eller kanskje nokon har opplysningar som kan løyse gåta. Eg er takksam for svar.
  4. Hei, Eg søker etter opphavet til Marie Anna Knudsen f. 30.12.1888 av foreldre Christopher & Elizabeth Strand. Dette er info eg har fått frå ein frivillig hjelpar i Wilmar. -tidligere debatt som omhandler hennes mann; Er det mulig å finne hennes fødsel/dåp og i FT1900?
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.