Eg er i dag komen borti ei utfordring frå Varhaug (Hå) i Rogaland og vonar at nokon med lokal kunnskap, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, kan hjelpa meg vidare?
Ole Salveson, i Amerika kjend som Ole S. QUEE, var fødd i Varhaug sokn, Hå 6.8.1868 som son av husmann Salve Abrahamson og kona Oline Johannesdotter, då sagt å bu «under Djøseland»: https://media.digitalarkivet.no/view/6285/81
Eg finn foreldri hans i FT1865 busette på ein plass under Skretting: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038202002695
Og eg finn dei i FT1875 busette på Rangen, visstnok under Kvie: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052243001420
So finn eg vigsli til Salve Abrahamson «under Kvie» og Oline Johannesdotter «under Odland» 3.7.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/1612/126
Men, eg finn IKKJE noki utvandring for Ole Salveson frå Varhaug kring 1889/1890: https://media.digitalarkivet.no/view/3644/271
Her er Ole Quee som farmar 1900 i Okoboji township, Dickinson Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6W2G-Y
Eg sit då att med desse utfordringane:
* Kva år utvandra Ole Salveson Kvie «Quee» til Amerika?
* Frå kva plass under Kvie hadde Salve Abrahamson opphavet sitt?
* Frå kva plass under Odland hadde Oline Johannesdotter opphavet sitt?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!