Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'høyeimsvik'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei utfordrande huslyd som eg første gongen jobba med tidleg på 1980-talet, men grunna manglande eller utilgjengelege kjelder var eg ikkje i stand til å finna ut noko om denne snikkarslekti før 1763. No er mange kjelder komne til, og eg har greidd å setja opp eit revidert manuskript som følgjer: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hermund Olson «Snedker», opphavleg frå ##### (opphavet hans? – kvar på Voss!?) var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1726! – kan han vera døypt frå Kvasdalen på Voss 24.10.1728 som son av Ole og Synneva Herlovsdotter?) og gifte seg første gongen i Vik 19.6.1751 med Mildrid Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) men d. etter barselseng på Vikøyri i Vik ?.9.1762. Som enkjemann gifte Hermund seg so att i Luster 6.6.1763 med Martha Christophersdotter frå Rønnei, f. i Luster kring 1740. Hermund «Snedker» budde både med første kona Mildrid og med andre kona Martha på Vikøyri i Vik fram til kring 1770. Kring 1770 flytte Hermund og Martha til Hafslo der dei ei tid hadde eit bruk på Joranger nedre. So flytte dei kring 1785 vidare til Gaupne, men ikkje lenge etter busette dei seg her i Høyeimsviki, truleg på plassen som John Endreson hadde hatt. Hermund heldt fram som snikkar og vart gravlagd frå Høyeim 19.12.1802. Enkja Martha vart gravlagd frå Viki 17.9.1812. Det ser ut til at Hermund «Snedker» i alle fall fekk desse borni: 1. Anna Hermundsdotter, døypt i Vik 7.8.1749, ##### (lagnaden hennar? – d. ung?) 2. Ole Hermundson, døypt i Vik 19.11.1752, vart gravlagd frå Vikøyri 10.12.1758. 3. Anna Hermundsdotter, døypt i Vik 21.7.1755, ##### (lagnaden hennar?) 4. Knut Hermundson, døypt i Vik 11.10.1758, ##### (lagnaden hans?) 5. NN Hermundsdotter, f. og d. i Vik ?.9.1762. 6. Inga Hermundsdotter, døypt i Vik 6.12.1763, d. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – kort etter fødsli i Vik?) 7. Christopher Hermundson (1765-1818), var snikkar og budde på Naustvolden under Bolstad. 8. Synneva Hermundsdotter, døypt i Vik 16.3.1767, kom til Hafslo og sidan til Luster med foreldri. Ho tente på Høyeim i 1801 og d. her ugift som legdelem 13.3.1843. 9. Ole Hermundson, døypt i Vik 30.3.1769, ##### (lagnaden hans?) 10. Ingrid Hermundsdotter (1771-1845), vart gift med husmann John Olson på Reina under Nes (1774-1837). 11. Martha Hermundsdotter (1773-1856), vart gift med strandsitjar Ole Nilsson i Trondviki under Høyeim (1775-1851); dei fekk visstnok plassen her i Trondviki 3 etter foreldri hennar (sjå nedanfor). 12. Henrik Hermundson, døypt i Hafslo 25.2.1776, vart konfirmert frå Loven i 1793. ##### (lagnaden hans? – må vera flytt frå Luster etter 1793!) 13. Iver Hermundson (1778-1803), var soldat, men d. ugift på Bolstad. 14. Hermund Hermundson (1780-1851), vart husmann i Dulsviki under Lingjerde. 15. Nils Hermundson (1784-1784), f. og d. på Joranger i Hafslo. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg vonar det sit lesarar med lokalkunnskap både på Voss og i Vik som kan supplera med detaljar derifrå, og kanskje let seg gjera ogso å finna lagnadane til dei borni som berre «forsvinn»? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.