Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hammarslott'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Med utgongspunkt i mellom anna denne vigsli frå Vik 4.3.1823 mellom Jens Hermundson Lilleøren, ungkarl 25 og Anna Johannesdotter Vigøren, jente 59 der far hennar er oppgjeven vera Johannes Sølfestson Hammerslott: https://media.digitalarkivet.no/view/11757/91 og denne barnedåpen i Vik frå 9.3.1802 for Johannes, «uekte» son av Anna Johannesdotter Skjerven, fødd i Luster, 1ste leigarmål, og Ole Sjurson Breien, tredje leigarmål: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/68 sette eg i si tid opp følgjande manuskript for huslyden til Anna Johannesdotter, dotter av Johannes Sølfestson og kona Martha Pedersdotter. husmannsfolk på plassen Hammarslott under garden Heltne i Luster: ~~~~~~~~~~~~~ Anna Johannesdotter {Hammerslott}, døypt {i Luster} 6.9.1765, Anna Johannesdotter flytte i svært ung alder til Vik og varrt truleg òg konfirmert der. Ho tente på Vikøyri i mange år, men gifte seg so i Vik 4.3.1823 med Jens Hermundson frå ##### (kvar var han oppvaksen? – Hola i Vik? – 1801 fosterbarn på Åse i Vik!) Han var son av ##### (Hermund Ingebrigtson Skjerven – opphav og bustad? – gift i Vik 8.6.1800 med Alis Hermndsdotter Steie) og jenta Britha Jensdotter frå ##### (opphav og bustad?) og vart døypt i Vik 4.10.1797. Jens og Anna slo seg ned som plassfolk på Vikøyri i Vik der Anna d. 5.3.1844. Jens gifte seg att i Vik 27.12.1845 med enkja Britha Nilsdotter, opphavleg frå Vikøyri. Ho var dotter av husmann Nils Jonasson på Vikøyri, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Kari Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Vik 8.3.1793. Men Britha d. på Vikyri alt 19.11.1846, og Jens gifte seg tredje gongen i Vik 11.11.1847 med Gjertrud Andersdotter frå ##### (opphavet hennar Hove i Vik?) Ho var dotter av ##### (yrkesttel?) Anders Mortenson på ##### (bustad på eller under Hove? – 1801 dreng på Hove, f. 1777!) og kona Mari Anfindsdotter frå ##### (opphavet hennar? – frå eit bruk på Seim og f. kring 1776?) og vart døypt i Vik 8.9.1804. Jens og Gjertrud vart buande på Vikøyri ##### (borte derifrå før 1865 – kvar vart det av dei?? – seinare lagnad??) Me veit berre om eitt barn etter Anna Johannesdotter, og det var ein son som ho fekk før ho gifte seg: ##### (kan ho ha hatt fleire born? – oppl.?) a. Johannes Olson, son av Anna og ##### (Ole Sjurson Breien tredje leigarmål! – kven var han?) vart døypt i Vik 9.3.1802, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~ Som ein vil sjå, manglar eg ganske so mange detaljar om lagnaden til denne huslyden, ikkje berre det faktum at Jens Hermundson gifte seg att to gongar etter at Anna døydde og sidan forsvinn, men òg det faktum at einaste kjente barnet etter Anna, sonen Johannes Olson frå 1802, forsvinn for oss. Kanskje er det med dei nye bygdebøkene for Vik og elles «moderne hjelpemiddel» mogeleg å oppgradera dette manuskriptet til «moderne standard»? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.