Eg har jobba med bakgrunnen til denne jenta frå Vågå i mange år, men eg er dårleg kjend i Vågå, so no vonar eg på lite vetta hjelp frå nokon med lokalkunnskap:
Ingeborg Olsdotter Fjerdingreneiget skal vera fødd i Vågå 27.2.1833 som dotter av husmann Ole Olson Harildstadeiget(?) og Ragnhild Olsdotter frå Prestegardseiget(?). Ho flytte til Luster kring 1868 og hadde med seg tre born:
* Ragnhild Syversdotter, fødd i Vågå 15.7.1855 - barnefar Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre.
* Eldri Andersdotter, fødd i Vågå 1.7.1861 - barnefar Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå
* Anton Olson, fødd i Vågå 29.1.1865 - barnefar Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå
No slit eg med følgjande utfordringar:
** På kva plass under kva gard voks Ingeborg Olsdotter opp?
** På kva plass under kva gard voks far hennar, Ole Olson, opp?
** På kva plass under kva gard voks mor hennar, Ragnhild Olsdotter, opp?
** Fleire detaljar om Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre?
** Fleire detaljar om Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå?
** Fleire detaljar om Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå?
** Kva år (nøyaktig) flytte Ingeborg Olsdotter og borni hennar frå Vågå til Luster?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!