"Aftakket constabel" (Jørgen) Matthias Anthonisen Hartug og Marthe Pedersdatter døyper sonen Anthonius i Domkyrkja i Bergen 23. sep. 1764 (link). Dei vart gift same stad 1. jul. s. å. (link).
Eg prøver å finne ut noko meir om desse folka, men slit litt med å finne dei att i kjeldene. (Jørgen) Matthias Anthonisen og Marthe Pedersdatter har eg ikkje funne noko meire om, men sonen Anthoni er vel han som er innrullert som matros i 1786 (link) og året etter gift i Domkyrkja med pike Abelone Corneliusdatter (link). Sistnemnte kan vere ho som vert gravlagt frå Domkyrkja i 1813, 60 år gamal, men eg er usikker: Ut frå alder skulle Abelone vere om lag 34 år ved giftermålet, 12 år eldre enn Anthoni. Eg har heller ikkje klart å finne desse i 1801-tellinga. Abelone d. 1813 burde jo kunne finnast att der