Eg har kome opp i eit problem når det gjeld forfedrene til Niels Knudsen Hjelle sine foreldre. Ifylgje Ørskogboka kom Niels frå Hatlen i Ørskog i 1700 og var son til Knut Jonson Hatlen f. Gjære i Ørskog og kona hans Eli Nilsdatter f. Hatlen. Nils gifte seg med Kari Larsdatter f. Hjelle. Ho var også fødd rundt 1700 og var dotter til Laurits Knutson Hjelle og Magnhild Larsdatter. Dei flytte til Hjelle i Ørskog og overtok brn. 1 etter Kari sine foreldre.
https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#147
https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#174
Dette såg heilt greitt ut heilt til eg sjekka den oppgjevne faren, Knut Jonson f. Gjære. Han skal vere fødd i 1724, altså 24 år seinare enn sonen. Mora skulle ha vore Eli Nilsdatter f. Hatlen, dotter til Nils Nilsson Hatlen og fødd 1736. Faren Nils Nilsson er ifølgje boka fødd i 1707.
Eli Nielsdatter Hatlen døde 5. mars 1772 : http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620053.jpg
Etter å ha sjekka skifteprotokollen etter Eli Nilsdatter Hatlen frå 1772, http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690561.jpg finn eg at ho hadde ein son med namnet Nils Knudsen Hatlen, som er 14 år, altså fødd ikring 1758. Men han kan umogeleg ha vore gift med Kari Larsdatter, som døde i 1755 og var fødd rundt 1700. Så her må det vere gjort ei feiltolking der to personar med same namnet er ombytte.
Spørsmålet mitt er no: Kven var dei rette foreldra til Niels KnudsenHjelle f. Hatlen, fødd i 1700 og gift med Kari Larsdatter Hjelle (Jelle) og gravlagt 27. september 1772 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620055.jpg Her er skiftet etter han: Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690607.jpg
Kan nokon hjelpe meg med dette?