Search the Community
Showing results for tags 'ørskog'.
-
Skifte fra ca. 1926, Møre og Romsdal
Hanne W. Ringseth posted a topic in Questions about archival material and use of the archives
Hei Jeg leter etter et skifte for en mann som døde 1926 i Ørskog, Møre og Romsdal. Finner ikke dette digitalisert men er det allikevel mulig å få en utskrift av det? Mannens navn ved fødsel er Ole Andreas Carolus Petersen Eidem, født 3 juni 1864 i Sykkylven, Møre og Romsdal. Han dør 4 desember 1926 i Ørskog, Møre og Romsdal. Han bruker da navnet Ole P. Sjøholtstrand. Han ble gift 24 mai 1885 med Marthe SOFIE (Sophie) Fredrikke Toresdatter Sjøholtstrand, hun er født 29 mai 1886 og døde 31 desember 1945 i Ørskog. -
Eg har kome opp i eit problem når det gjeld forfedrene til Niels Knudsen Hjelle sine foreldre. Ifylgje Ørskogboka kom Niels frå Hatlen i Ørskog i 1700 og var son til Knut Jonson Hatlen f. Gjære i Ørskog og kona hans Eli Nilsdatter f. Hatlen. Nils gifte seg med Kari Larsdatter f. Hjelle. Ho var også fødd rundt 1700 og var dotter til Laurits Knutson Hjelle og Magnhild Larsdatter. Dei flytte til Hjelle i Ørskog og overtok brn. 1 etter Kari sine foreldre. https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#147 https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#174 Dette såg heilt greitt ut heilt til eg sjekka den oppgjevne faren, Knut Jonson f. Gjære. Han skal vere fødd i 1724, altså 24 år seinare enn sonen. Mora skulle ha vore Eli Nilsdatter f. Hatlen, dotter til Nils Nilsson Hatlen og fødd 1736. Faren Nils Nilsson er ifølgje boka fødd i 1707. Eli Nielsdatter Hatlen døde 5. mars 1772 : http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620053.jpg Etter å ha sjekka skifteprotokollen etter Eli Nilsdatter Hatlen frå 1772, http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690561.jpg finn eg at ho hadde ein son med namnet Nils Knudsen Hatlen, som er 14 år, altså fødd ikring 1758. Men han kan umogeleg ha vore gift med Kari Larsdatter, som døde i 1755 og var fødd rundt 1700. Så her må det vere gjort ei feiltolking der to personar med same namnet er ombytte. Spørsmålet mitt er no: Kven var dei rette foreldra til Niels KnudsenHjelle f. Hatlen, fødd i 1700 og gift med Kari Larsdatter Hjelle (Jelle) og gravlagt 27. september 1772 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620055.jpg Her er skiftet etter han: Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690607.jpg Kan nokon hjelpe meg med dette?
-
Bygdeboki for Solund, bd. I side 125/126 nemner: Karl Lindseth f. 1750 som gesell, gardbrukar og gjestgjevar på Husøy i 1801. Boki nemner kona Gunnhild Larsdotter og dei tre borni Anna, Nils og Gunnhild samt at dotteri Anna i 1802 vart gift med Jan Peeterzen, fødd på «Eiland Just» i Holland, ein son Peter døypt 1803. Noko meir om ætti er ikkje å lesa... Her er huslyden i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002688 001 Carl Frid. Lindseth 01 51 - - Huusfader Gifte 1ste gang Kræmmer, giæstgiver med gaard 002 Gunilde Larsdatter 01 52 - - Dennes hustrue Gifte 1ste gang - 003 Anna Carlsdatter 01 25 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner 004 Niels Carlsen 01 20 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner 005 Gunilde Carlsdatter 01 8 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner Det kan for meg sjå ut som om det dreier seg om denne huslyden: Carl Nilsson Haajem og Gunnhild Larsdotter vigde i Ørskog 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002198583 Dette parfolket får først ei dotter i Ørskog: * Anne Marthe, døypt 20.7.1777 Og so får Carl Nilsson desse borni i Skodje: * Nils, døypt 1.10.1780 * Gunnhild, døypt 1.1.1794 Eg ser INGEN Gunnhild Larsdotter døypt i Møre og Romsdal som kan høva med denne Gunnhild gift i Ørskog i 1776, og kyrkjebøkene er tilgjengelege for Ørskog, so det kan vel heller ikkje vera tale om ei «kjeldelakune»!? Eg mistenkjer Gunnhid Larsdotter for å vera døypt i Luster 16.4.1752 som «uekte» dotter av Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar (1730-1802) og Lars Jacobson Svad (1723-1785). Stefaren var vektar Dominicus Christianson Schnell frå Bolstad i Luster (1728-1798), frå kring 1760 busette i Bergen, men Gunnhild ser ikklje ut til å vera flytt til Bergen med mor og stefar, og ho er heller ikkje konfirmert i Luster! Schnell-ætti er drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/ No vonar eg å finna nokon med lokal kunnskap i Solund, eventuelt i Ørskog og Skodje, som kan vita meir om denne huslyden... ** Kvar kom dei ifrå? ** Kvar vart det av dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.