Torkild Andersson , fødd på Alsmo i Luster 26.5.1830, var gift med Randi Olsdotter, fødd på Fimreite i Sogndal 6.12.1832.
Dei busette seg som plassafolk i Haugaviki under Fimreite der Torkild d. 3.3.1902. Randi døydde i Vik i Sogn 26.7.1926.
Dei fekk i alt sju born som alle busette seg på Fimreite eller i nabobygdene i Sogn, bortsett ifrå denne jenta:
Ingeborg Torkildsdotter, fødd i Sogndal 1.8.1872. Slekti hennar fortél at Ingeborg skal ha utvandra til Amerika i ung alder, men at ho aldri hadde kontakt med korkje foreldri eller søskeni i Noreg!
Og ganske riktig: Her finn me utvandringi hennar i 1897: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000694293
Det hadde vore svært so kjekt å finna ho att i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!