Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'havland'.
Fant 1 resultat
-
Jan Johannesson (1795-1880) var husmann på Havelden under Flahammar i Luster. Han døydde i Luster, men året etter utvandra enkja til Amerika etter at einaste attlevande sonen Johannes var utvandra i 1872. Me ser ikkje noko til denne sonen i Amerika før han gifte seg i Goodhue Co., MN i 1887, men eg vil gissa på at han og mori budde i lag ved FT1885, om me berre kunna finna dei?? Ei utfordring ligg truleg i det faktum at Johannes KAN ha skrive seg for Johnson den første tidi han var i Amerika, men sidan kalla han seg vekselvis for Hovland og Havland, avleia frå Havelden. På gravstøtta står Havland, og eine sonen hans skreiv seg for Havland, medan dei hine borni ser ut til å ha nytta Hovland... Denne biografien er forsovidt ganske «komplett»; berre lagnaden og dødsfallet til mori manglar... Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jan Johannesson Havelden, frå Havelden 3 under Flahammar, vart døypt 8.3.1795 og d. som husmann på Havelden 1.6.1880. Truleg fekk Jan alt sist i 1830-åri hand om plassen her i Hamni, og 3.6.1846 gifte han seg med Malena Jensdotter frå Bolstad, f. 7.2.1819. Det ser ikkje ut til at Jan og Malena hadde noko særleg jord til plassen i Hamni, for dei vert som regel nemnde som strandsitjarar. Jan dreiv likevel plassen til han fall ifrå i 1880, og sidan heldt enkja Malena fram til 1881. Då vart plassen nedlagd, og den jordi som var, gjekk attende til garden. Malena Havland(?) utvandra til Amerika i 1881, ##### (what became of her? - date and place of her death?) Jan og Malena i Hamni fekk tre born i lag: 1. Kirsti Jansdotter, f. 30.10.1849, Kirsti Havellen flytte til Bergen og tente der hjå politibetjent, sidan kunstmålar Anders G. Wigdahl (1830-1914), opphavleg frå Tubbeteigen under Heltne i Dale. Men Kirsti d. ugift på sjukehuset i Bergen alt 13.6.1866. 2. Øllegaard Jansdotter (1853-1861). 3. Johannes Janson, f. 2.2.1856, John J. Havland utvandra til Amerika i 1872 og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 4.3.1887 med Brita, kjend som Bertha L. Wallager, dotter av husmann Lars Olson frå Stølen under Mareim i Hafslo (1832-1905). Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 5.9.1866. John var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og parfolket busette seg i Mayville, Traill Co., N.D. der Bertha d. 15.3.1911. John Havland d. i Blanchard township, Traill Co., N.D. 4.7.1928. Dei fekk seks born i lag: a. Stina Melina Hovland (1889-1951), vart gift med Johannes Lenvick, kjend som John C. Kjos (1884-1957), son av gardbrukarsonen Christopher Lemvig Johannesson frå Kjos i Hafslo (1861-1945) (s.d.). b. Olga Josephine Hovland, f. i Traill Co., N.D. 27.9.1892, d. i Fargo, N.D. 17.4.1964. Olga gifte seg i Wahpeton, N.D. 12.9.1914 med Olaf Harold Ristuben, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.10.1888. Han d. i Centralia, Wash. 9.1.1970. Olaf var lærar og skuleinspektør («school teacher and superintendant of schools»), og han og Olga budde i Aliceton, Sydna. Delamere, Gwinner, Christine, Gaelph, Colgate og West Fargo, N.D. Dei fekk tre born i lag. c. Leonard Lenhart Hovland, f. i Traill Co., N.D. 29.2.1896, d. i Kankakee, Ill. 15.10.1965. Leonard gifte seg i Waseca, Ill. 18.11.1919 med Antoinette Viola Hanson, f. i Iroquois Co., Ill. 7.12.1896. Ho d. i Clifton, Ill. 4.10.1988. Leonard og Antoinette slo seg ned som farmarar i Ridgeland township, Iroquois Co., Ill. og fekk to døtrer i lag. d. Gilman Duane Hovland, f. i Traill Co., N.D. 3.3.1900, d. i Fargo, N.D. 25.12.2000. Gilman gifte seg i Moorhead, Minn. 10.1.1923 med Amy Amelia Forde. Ho var f. i Traill Co., N.D. 4.11.1899 og d. i Fargo, N.D. 23.5.1993. Gilman var møllestyrar («grain elevator operator») og budde ulike stadar i North Dakota, men flytte til sist til Fargo, Cass Co., N.D. Han og Amy fekk fire søner i lag. e. Bernice Irene Hovland, f. i Traill Co., N.D. 31.7.1903, d. i Oakes, N.D. 23.12.1977. Bernice gifte seg i De Land, Fla. 25.12.1928 med Lawrence Oliver Ringdahl. Han var f. i Sargent Co., N.D. 7.7.1906 og d. i Sargent Co., N.D. 28.1.1977. Bernice var lærar («school teacher»), medan Lawrence farma i Willey township, Sargent Co., N.D. Dei fekk seks søner i lag. f. Alice Florence Hovland, f. i Traill Co., N.D. 5.9.1905, d. i Oakwood, Cal. 23.1.1974. Alice var teppehandlar («rug bounder and sales woman») og budde i Chicago, Ill. og sidan i Los Angeles, Cal., ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til oppsporing av Malena i Amerika!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive