Min grandonkel Petter (Peter) Lorentz Henschien (f. 1853 Øvre Eiker, død Minnesota, USA 1909) emigrerte i 1880-åra til USA. Slo seg ned i Minnesota, stifta familie, fekk 5 barn. Petter Lorentz (PL) og 3 av hans barn ligg gravlagt på ein avsidesliggjande kyrkjegard vest av Minneapolis. Barna var søskenbarn av mi mor. Eg finn det rimeleg at nokre av desse barna har etterkommarar, dei er jo i så tilfelle mine tremenningar. Namna til barna kjenner me, men til dags dato har det vore umogleg å finna nokon i neste generasjon. Har prøvd å få kontakt med historiske foreiningar i Minneapolis-området, men ingen opplysningar om eventuelle etterkommarar etter PL i min generasjon.
Det fins ein liten innsjø i det aktuelle området som den dag idag vert kalla Henschien Lake. Etter det me har funne ut så langt, har denne innsjøen namnet sitt etter min grandonkel. Andre opplysningar me har funne på nettet, fortel at fleire av barna til PL donerte midlar til ein nasjonalpark/naturreservat Sibley State Park og at fleire av dei var engasjert i eit spelemannslag, jfr. Minnesota Fiddle Tunes Project. Har funne nokre anetavler med Henschien-namnet der borte, men vanskeleg å avgjera om det er nokon samanheng mellom desse og PL. Korleis skulle eg gå fram for å finna mine tremenningar i dette området?
(barn av PL: Jenny Mabel 1887, Hilma Olive -89, Otto Andrew -91, John Vernie -93, Olaus Berth -95).
Reidar O. Meling, Bømlo